Cøliaki - klinikk og patogenese
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 2009021
- Ansvarlig person
- Idar Lygren
- Institusjon
- Oslo universitetssykehus HF
- Prosjektkategori
- Korttidsstipend, for fullføring av dr. grad
- Helsekategori
- Oral and Gastrointestinal
- Forskningsaktivitet
- 4. Detection and Diagnosis
Rapporter
Cøliaki behandlast med glutenfri diett. Enkelte startar dietten utan at adekvat utredning er gjort, og diagnosen vert vanskeleg å stille i ettertidCøliaki er ein sjukdom i tynntarmen som gjev avflating av tarmtottar etter inntak av gluten hjå disponerte personar. Dette kan føre til mageplager, jernmangel og ei rekke andre symptom. Diagnosen er vanlegvis enkel å stille, så framt ein har tenkt på sjukdommen. Då må det gjerast gastroskopi med taking av vevsprøver frå tynntarm, som vil vise avflating av tarmtottane. Behandlinga er livslangt glutenfritt kosthald.
Stadig fleire startar med glutenfri kost utan at dette er gjort. Årsaken kan vere mistanke om cøliaki, mage/tarm symptom av ukjent årsak eller andre plager. På glutenfri kost vert ein cøliakitarm gradvis normalisert, og det trengs inntak av gluten over lengre tid for å finne totteendringar og slik stille diagnosen. Mange pasientar har problem med å gjennomføre ein slik glutenprovokasjon, fordi dei då får plagene sine tilbake.
I ein studie publisert i 2007, undersøkte vi ni pasientar med- og seks utan cøliaki. Studiepasientane, som alle levde glutenfritt, åt fire skiver brød dagleg i tre dagar. Før og etter denne glutenprovokasjonen, vart det tatt blodprøve for å leite etter spesielle celler som teikn på cøliaki. Metoden er avansert og det vart nytta eit reagens kalla HLA-tetramer. Ved flowcytometri vart det påvist glutenspesifikke T-celler i blodet hjå cøliakarane, men ikkje kontrollane.
No undersøker vi om metoden over kan brukast til å finne cøliakarane blant pasientar som har starta glutenfri diett på eiga hand.
Dei aller fleste cøliakarar, og om lag 25% av den generelle befolkninga, har vevstypen HLA- DQ2. Vevstypen finn ein ved ei vanleg blodprøve. Bare pasientar med HLA-DQ2 deltar i studien.
Før inklusjon sikrar vi oss at deltakarane har vevstypen HLA-DQ2 og har levd strengt glutenfritt i minst fire veker. Pasientane vert inngåande intervjua av lege og ernæringsfysiolog. Dei gjennomgår ein tre dagars glutenprovokasjon med brødskiver som over. Blodprøvene vert tatt før- og etter denne for å kunne finne glutenspesifikke T-celler som tydar på cøliaki. Samstundes gjer vi gastroskopi med taking av vevsprøver frå tynntarm, for å avdekke eventuelle forandringar i tarmtottar og slimhinne. Vevsprøvene vart undersøkt histologisk og i tillegg på endring av genuttrykk ved såkalla PCR-metode.
Det vart gjort symptomregistrering før, under og etter glutenprovokasjonen. I tillegg kartla vi psykiske forhold i samarbeid med Avdeling for nevropsykiatri og psykosomatisk medisin på Rikshospitalet. Alle spørjeskjemaene er standardiserte og validerte.
Inklusjonen starta i 2006 og heldt fram til haust 2008. Vi har undersøkt 50 pasientar. Dei fleste hadde ”usikker cøliaki”, men vi har også med pasientar med cøliaki som fungerer som positive kontrollar i studien. Det har vore tidkrevjande å få tak i pasientar som oppfyller krava til å delta i studien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ullevål universitetssykehus og Rikshospitalet. I 2009 er ein artikkel nær ferdigstilt og analysearbeidet er gjort på den neste artikkelen.
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til eRapport