Nye non-invasive metodar i diagnostikk av koronar hjertesykdom hos høgrisikogrupper
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 46011600-56
- Ansvarlig person
- Svein Hareide
- Institusjon
- Helse Sunnmøre
- Prosjektkategori
- Phd-stipend 2007
- Helsekategori
- Cardiovascular
- Forskningsaktivitet
- 4. Detection and Diagnosis
Rapporter
I prosjektet undersøkjer ein forekomst av hjartesjukdom ved type 2 diabetes mellitus. Metodane er ultralyd og MR. For tida pågår inklusjon av pasientar i studien.I prosjektet ønskjer me å undersøke forekomst av hjartesjukdom hos ei gruppe pasientar med type 2 diabetes mellitus. Til undersøkingane vert det nytta ulike nyare ultralydteknikkar i tillegg til ein del vanleg brukte teknikkar og som skal samanliknast med magnetisk resonansundersøking
Sjukdom i hjartet sine kransårar er ei av dei vanlegaste dødsårsakene i vårt land og store ressursar vert brukte på diagnostikk og behandling av koronarsjuke. I hovudsak nyttar ein kontrastundersøking med røntgenfotografering av blodårane til hjartet etter at det er sett inn ein tynn slange (kateter) i blodårane. Ved slik hjartekateterisering må ein altså setje inn eit kateter. Ei utfordring i oppdaginga av kransåresjukdom er det å finne undersøkingsmetodar der ein ikkje treng å gå inn i blodårane med kateter. Slike, såkalla ikkje-invasive metodar er alt i bruk, men det er ønskjeleg med ytterlegare metodeutprøving innafor dette feltet.
I prosjektet vil ein undersøkje om lag 100 pasientar som har type 2 sukkersjuke, men som ikkje har symptom på hjartesjukdom. Me er såleis med metodane me nyttar ute etter å sjå kor stor del av pasientane som har underliggande sjukdom i hjartet som gir ekstra grunnlag for oppfylging med omsyn på eventuelle risikoreduserande tiltak. I studien vert det nytta ulike metodar, men hovudsakleg vil ein sjå på kva ein kan oppnå med å nytte ulike metodar basert på ultralyd. Me ønskjer å sjå kva ein kan oppnå med desse metodane i høve til ein magnetisk resonansteknikk.
Årsaka til at me inviterer pasientar med type 2 sukkersjuke til å vere med i dette prosjektet, er at denne gruppa pasientar har auka risiko for kransåresjukdom og ofte har kransåresjukdom som ikkje gir vanlege symptom på sjukdomen. Dette er såleis eit aktivt forskingsfelt både nasjonalt og internasjonalt. Me ønskjer mellom anna å sjå om resultat frå bygdekommunar i Noreg vil kunne skilje seg frå tilsvarande resultat frå byområde. Dette då det i hovudsak er personar som bur i tettbygd strøk som er med i dei studiane som me så langt har funne. Men i hovudsak er me ute etter å finne metodar som kan oppdage endringar i hjartet på eit tidleg stadium av sjukdomsprosessen.
For tida pågår inklusjon av pasientar i studien.
I prosjektet ønskjer me å undersøke forekomst av hjartesjukdom hos ei gruppe pasientar med type 2 diabetes mellitus. Til undersøkingane vert det nytta ulike nyare ultralydteknikkar i tillegg til ein del vanleg brukte teknikkar og som skal samanliknast med magnetisk resonansundersøkingSjukdom i hjartet sine kransårar er ei av dei vanlegaste dødsårsakene i vårt land og store ressursar vert brukte på diagnostikk og behandling av koronarsjuke. I hovudsak nyttar ein kontrastundersøking med røntgenfotografering av blodårane til hjartet etter at det er sett inn ein tynn slange (kateter) i blodårane. Ved slik hjartekateterisering må ein altså setje inn eit kateter. Ei utfordring i oppdaginga av kransåresjukdom er det å finne undersøkingsmetodar der ein ikkje treng å gå inn i blodårane med kateter. Slike, såkalla ikkje-invasive metodar er alt i bruk, men det er ønskjeleg med ytterlegare metodeutprøving innafor dette feltet.
I prosjektet vil ein undersøkje om lag 100 pasientar som har type 2 sukkersjuke, men som ikkje har symptom på hjartesjukdom. Me er såleis med metodane me nyttar ute etter å sjå kor stor del av pasientane som har underliggande sjukdom i hjartet som gir ekstra grunnlag for oppfylging med omsyn på eventuelle risikoreduserande tiltak. I studien vert det nytta ulike metodar, men hovudsakleg vil ein sjå på kva ein kan oppnå med å nytte ulike metodar basert på ultralyd. Me ønskjer å sjå kva ein kan oppnå med desse metodane i høve til ein magnetisk resonansteknikk.
Årsaka til at me inviterer pasientar med type 2 sukkersjuke til å vere med i dette prosjektet, er at denne gruppa pasientar har auka risiko for kransåresjukdom og ofte har kransåresjukdom som ikkje gir vanlege symptom på sjukdomen. Dette er såleis eit aktivt forskingsfelt både nasjonalt og internasjonalt. Me ønskjer mellom anna å sjå om resultat frå bygdekommunar i Noreg vil kunne skilje seg frå tilsvarande resultat frå byområde. Dette då det i hovudsak er personar som bur i tettbygd strøk som er med i dei studiane som me så langt har funne. Men i hovudsak er me ute etter å finne metodar som kan oppdage endringar i hjartet på eit tidleg stadium av sjukdomsprosessen.
I prosjektet ønskjer me å undersøke forekomst av hjartesjukdom hos ei gruppe pasientar med type 2 diabetes mellitus.Til undersøkingane vert det nytta ulike nyare ultralydteknikkar i tillegg til ein del andre teknikkar og som ein skal samanlikne med magnetisk resonansundersøkingSjukdom i hjartet sine kransårar er ei av dei vanlegaste dødsårsakene i vårt land og store ressursar vert brukte på diagnostikk og behandling av koronarsjuke. I hovudsak nyttar ein kontrastundersøking av blodårane til hjartet etter at det er sett inn ein tynn slange (kateter) i blodårane. Ved slik hjartekateterisering må ein altså setje inn eit kateter. Ei utfordring i oppdaging av kransåresjukdom er det å finne undersøkingsmetoder der ein ikkje treng å gå inn i blodårane med kateter. Slike, såkalla ikkje-invasive metodar er alt i bruk, men det er ønskjeleg med ytterlegare metodeutprøving innafor dette feltet.
I prosjektet vil ein undersøke om lag 100 pasientar som har type 2 sukkersjuke, men som ikkje har symptom på hjartesjukdom. Me er såleis med metodane me nyttar ute etter å sjå kor stor del av pasientane som har underliggande sjukdom i hjartet som gir ekstra grunnlag for oppfølgjing med omsyn på eventuelle risikoreduserande tiltak. Til dette vil me i hovudsak nytte metodar basert på ultralyd.
Noko av føremålet er å sjå om me kan avgrense noko bruken av hjartekateterisering. Dette må så fall vere eit resultat av at andre teknikkar i stor grad kan utelukke risikofylt kransåresjukdom hos pasienten. I dette prosjektet ser me på kva me kan oppnå med ultralydteknikkar i høve til ein magnetisk resonansteknikk.
Årsaka til at me vil invitere pasientar med type 2 sukkersjuke til å vere med i dette prosjektet, er at denne sjukdomen ber i seg auka risiko for kransåresjukdom. Dette er såleis eit aktivt forskingsfelt både nasjonalt og internasjonalt. Det er og mogleg at resultat frå bygdekommunar i Norge vil kunne skilje seg frå tilsvarande resultat frå byområde. Det ser ut til at det i hovudsak er personar som bur i tettbygde strøk som er med i dei studiane som me så langt har sett på resultat av. Me vonar såleis å kunne finne skilnader her som vil kunne fortelje oss meir om desse sjukdomane.
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Helse Midt-Norge RHF - Samarbeidsorganet og FFU