Meistring av livet med KOLS
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 911229
- Ansvarlig person
- Anne-Grethe Halding
- Institusjon
- Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Prosjektkategori
- Forskningsprosjekt
- Helsekategori
- Lunge og bryst
- Forskningsaktivitet
Rapporter
Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) er eit aukande helseproblem, og rehabilitering er eit viktig tilbod til pasientgruppa. Men det er mangel på tilbod, og forsking har hittil ikkje gitt sikre svar på kva som bør inngå i slike rehabiliteringstilbod. Djupare innsikt i pasientane sine eigne erfaringar kan truleg lære oss meir om dette.KOLS er ein kronisk sjukdom som rammer stadig fleire. Både pasientar og helsearbeidarar etterlyser meir kunnskap om sjukdommen, korleis det er å leve med den, og kva dette betyr for planlegging av helsetenester. Det er nasjonalt og internasjonalt etablert rehabiliteringstilbod for gruppa, i Noreg i nasjonale sentra og i helseforetaka. Men det er mangel på tilbod, og tiltaka er ressurskrevjande. Det er difor viktig å dokumentere korleis pasientar opplever sine behov og utbyte av eksisterande tilbod.
KOLS-rehabilitering har som mål at deltakarane skal oppnå best mogeleg funksjons-og meistringsevne i kvardagen, auka livskvalitet, og reduksjon i bruk av helsetenester. Innhald og omfang varierer, men fysisk trening, psykososial støtte og opplæring har synt seg å vere viktige komponentar. Internasjonalt er det ikkje fagleg semje om kva som bør inngå i eit minimumstilbod, trass i mykje forsking på området.
Rehabilitering skal vere ein pasientsentrert aktivitet. Offentlege dokument slår fast at eit heilskapleg menneskesyn skal ligge til grunn for rehabilitering, og medbestemming er sentralt. Ein er og i dag oppteken av at brukarar av helsetenester skal vere aktive samarbeidspartnarar i planlegging, gjennomføring og evaluering av tenestene. For å utvikle dette fagområdet er det difor viktig å forstå korleis menneske lærer å leve med ein slik kronisk sjukdom, og kva som kan hjelpe dei til dette. Studiar som gjer vitskapleg analyse av pasientar sine erfaringar frå deira kvardagsliv og frå rehabilitering kan gi viktig kunnskap og betre forståing for desse faktorane.
Pågåande intervjustudie
Det er difor starta ein intervjustudie der eit utval pasientar som har gjennomgått rehabilitering vert intervjua om sine erfaringar frå sjukdommen og rehabiliteringa. Prosjektet starta i desember 2003.
Atten pasientar som har gjennomgått eit poliklinisk rehabiliteringstilbod frå Helse Førde, på sjukehusa i Førde og Florø, er no intervuja om sine erfaringar. Dei er intervjua like etter rehabiliteringa og på nytt eitt år etter avslutta rehabilitering. Det er nytta opne intervju, der dei som vert intervjua får legge vekt på det dei sjølve synes er viktig innafor det aktuelle temaet.
Dei fleste intervjua er gjort i 2004 og 2005, og data er enno ikkje ferdig analyserte og tolka.
Informantane gir uttrykk for at dei ser det som viktig at problem rundt sjukdommen vert meir kjende, og at dei ser på rehabilitering som ein viktig og nødvendig del av det tilbodet dei har fått frå helsevesenet.
Prosjektperioden varer til 2009, og studien er grunnlag for eit doktorgradsarbeid.
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest