Predictors of longitudinal changes in pulmonary diffusion capacity in the general population
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 911611
- Ansvarlig person
- Michael Langballe Storebø
- Institusjon
- Helse Bergen HF
- Prosjektkategori
- Forskerutdanning - dr.grad
- Helsekategori
- Respiratory
- Forskningsaktivitet
- 4. Detection and Diagnosis
Rapporter
I løpet av 2013 har vi brukt mykje tid på å diskutere statistiske metodar for analyse av datamaterialet vårt, og diverre ikkje publisert nokre artiklar.I 2013 har forskingsgruppa jobba med dei to siste artiklane som skal inngå i doktorgrada til stipendiat Michael L. Storebø.
Artikkelen med arbeidstittel "PREDICTORS FOR CHANGE IN PULMONARY DIFFUSION CAPACITY IN A GENERAL POPULATION SAMPLE OVER 9 YEARS” er no klar for innsending til fagfellevurdering. I løpet av fyrste halvdel av 2013 utførte vi eit stort tal tilleggsanalyser, og brukte andre halvdel av året på omskriving av manuskriptet. Tilleggsanalysane har ikkje endra konklusjonane frå det tidlegare arbeidet med datamaterialet, men har gjort resultata meir robuste. Vi er no sikrare på at vi har observert ei reell effekt av sigarettrøyking på endring i gassutvekslinga i lungene over tid, og at dei statistiske assosiasjonane vi har observert i hovudanalysane våre ikkje er forårsaka av andre årsaker.
Den siste artikkelen i prosjektet omhandlar samanhengar mellom endringar i gassutvekslinga i lungene og endringar i luftvegssymptom, spesielt tungpust. Arbeidet med analysane har vore prega av metodologiske utfordringar knytt til det å vurdere om endring i ein variabel påverkar endring i ein annan variabel, samstundes som ein justerer for endringar i eit stort tal andre variablar. Vi har vore heldige som har hatt moglegheit til å få hjelp av personar med erfaring og kunnskap om analyser av longitudinelle data, og i tillegg kunne drege vekslar på internasjonale forskarar som har vitja Bergen Respiratory Research Group for å sjå på forskinga vår med nye augo.
Framdrifta i prosjektet har diverre ikkje vore slik som planlagt. Hovudsakleg er dette på grunn av endringar i analysestrategi undervegs i prosjektet. Innspel og forslag til forbetringar som vi har fått undervegs har vore sært verdfulle. Vi trur at ved å ta innover oss tilbakemeldingane frå samarbeidspartnarar, vil sluttproduktet verte betre enn om vi ikkje utførte ekstraarbeidet ved tilleggsanalyser og justering av dei statistiske modellane våre. Stipendiat Storebø har fått godkjent forlenging av phd-perioden sin hjå Universitetet i Bergen, og vil jobbe med fullføringa av skrivearbeidet ved sida av arbeid ved Haukeland universitetssjukehus. Disputasen vil vonleg finne stad i løpet av 2014.
Prosjektet er delt inn i ein eksperimentell og ein epidemiologisk del. Vi har møtt ein del motbør i den eksperimentelle delen av prosjektet i 2012, men har framgang i den epidemiologiske.Prosjektet starta som ein del av forskarlineutdanninga til underteikna, Michael L. Storebø. Vi har planlagt eit prosjekt som byggjer vidare på arbeidet som vart gjort på Forskarlina, og prosjektet skal etter planen utgjere ei PhD-avhandling.
Fyrste artikkel i den eksperimentelle delen vart publisert allereie i 2008. Her såg ein ein skilnad mellom menn og kvinner når det gjeld gassutvekslinga i lungene i restitusjonsfasa etter fysisk aktivitet.
Det vidare eksperimentelle prosjektet vart godkjent av REK Vest i 2011. Vi har gjennomført forsøk på fleire forsøkspersonar, men har innsett at vi på grunn av for strenge inklusjonskriterier, ikkje vil kunne oppnå det talet på forsøkspersonar vi treng for å kome i mål innan rimeleg tid. Forsøket skulle gje oss betre innblikk i korleis gassutvekslinga i lungene vert påvirka av fysisk aktivitet, forsøke å verifisere funna frå den fyrste artikkelen, og også forsøke å finne årsakar til kjønsskilnaden som ein såg i fyrste artikkel. Vi vil truleg på eit seinare tidspunkt revidere protokollen og starte forsøk på nytt, men har kome fram til at vi ekskluderer forsøket frå PhD-grada, og vil levere ei avhandling basert på tre artiklar i staden for fire.
I tillegg til å rekruttere forsøkspersonar og gjennomføre eksperiment, har vi også jobba med den epidemiologiske delen av prosjektet. Vi presenterte våre fyrste resultat på American Thoracic Society sin årlege kongress i mai 2012 og på Vestnorsk Lungeforum 2012. Vi har fått fleire nyttige tilbakemeldingar på arbeidet, og desse førte til ein ny diskusjon i forskingsgruppa om statistiske metodar for å analysere longitudinelle data. Vi har ved hjelp av både intern og ekstern ekspertise kome fram til ein endeleg analysestrategi. Resultata samsvarer med hypotesene våre, og vi vonar at artikkelen vert sendt inn i løpet av dei fyrste månadane i 2013, noko forsinka grunna endring i analysestrategi. Artikkel nummer tre vil verte skrive parallelt med ferdigstilling av artikkel nummer to. Vi jobbar mot levering av avhandlinga innan 15. august 2013.
I tillegg til mitt eige PhD-prosjekt, har underteikna bidrege til andre prosjekt i Bergen Respiratory Research Group, spesielt BergenKOLS. Dette har ført til medforfattarskap på ein artikkel som er publisert, og ein artikkel som er sendt inn, men desse vil ikkje inngå i PhD-avhandlinga.
Måling av DLCO er ei rutineundersøking innan lungemedisinen, og vert nytta til å vurdere gassutvekslinga mellom lunger og blod. Kunnskap om korleis DLCO utviklar seg gjennom livet og kva som påverkar utviklinga, er enno særs avgrensa. Vi vil difor analysere DLCO-målingar gjort over 20 år for å gjere måling av DLCO til eit endå betre klinisk verkty.Så langt finnast det berre to undersøkingar med måling av diffusjonskapasitet over tid. Dei har bestått av to målingar med åtte års mellomrom. Hordalandsundersøkinga er eit langsiktig forskingsprosjekt som vart byrja i 1985. Då prosjektet starta, meldte over 4000 personar frå Bergen og omegn seg. Om lag 900 av dei har måla lungefunksjon inkludert DLCO i løpet av prosjekttida, og svara på spørjeskjema knytt til helse, arbeidsliv, utsetjing for farlege gassar og så vidare. Undersøkinga gjev unike data som kan gje ny kunnskap for lungelækjarar.
Analysene vi har gjort i 2011 viser at alder, kjønn, høgd, vekt og røykjevanar har mykje å seie for korleis gassutvekslinga i lungene utviklar seg. Vi er no også i gang med å undersøke kva det å vere eksponert for støv og gassar i arbeidslivet har å seie. Dei fyrste resultata vert presentert for ålmenta på Amercan Thoracic Society sin årlege kongress i mai 2012.
Tolking av mål på diffusjonskapasitet er avhengig av tal som viser kva som er normale verdiar, eit såkalla normalområde. Normalområdet er avhengig av fleire eigenskapar hjå pasienten, men alder, kjønn og høgd er dei viktigaste. Med auka kunnskap om korleis diffusjonskapasiteten utviklar seg gjennom livet, vil vi truleg i framtida få meir presise normalområde som igjen gjev meir presis diagnostikk.
Måling av diffusjonskapasitet har ein relativt stor variabilitet, og dette gjev vanskar både i høve til måling av den enkelte pasient og store undersøkingar for å bestemme normalverdiar. Prosjektet vårt inneheld ein eksperimentell del, der vi vil sjå på årsakar til variabiliteten. Fysisk aktivitet påverkar fordelinga av blod i kroppen, og gjennom dette også gassutvekslinga i lungene.
I 2008 publiserte forskingsgruppa vår ein artikkel som viste at bodkar i huda ikkje bidreg til omfordeling av blod i så stor grad at det påverkar diffusjonskapasiteten. Artikkelen var den fyrste som undersøkte diffusjonskapasitet etter fysisk aktivitet hjå kvinner, og vi oppdaga ein skilnad mellom kjønna.
Tidlegare forsøk har vist at diffusjonskapasiteten hjå kvinner endrar seg i dei ulike fasane i menstruasjonssyklus. I tillegg er det skilnader i blodtrykket mellom menn og kvinner etter fysisk aktivitet.
I 2011 har vi gjennomført forsøk for å undersøke vidare om mekanismane bak denne kjønnsskilnaden er knytt til kvinnelege kjønnshormon sin innverknad på lungekretslaupet. Diverre har det vore vanskeleg å få rekruttert kvinner i den aktuelle gruppa, så forsøka held fram fyrste halvdel av 2012.
Måling av DLCO er ei rutineundersøking innan lungemedisinen, og vert nytta til å vurdere gassutvekslinga mellom lunger og blod. Kunnskap om korleis DLCO utviklar seg gjennom livet og kva som påverkar utviklinga, er enno særs avgrensa. Vi vil difor analysere DLCO-målingar gjort over 20 år for å gjere måling av DLCO til eit endå betre klinisk verkty.Så langt finnast det berre to undersøkingar med måling av diffusjonskapasitet over tid. Dei har bestått av to målingar med åtte års mellomrom. Hordalandsundersøkinga er eit langsiktig forskingsprosjekt som vart byrja i 1985. Då prosjektet starta, meldte over 4000 personar frå Bergen og omegn seg. Om lag 800 av dei har måla lungefunksjon inkludert DLCO tre gonger frå 1986 til 2006, og svara på spørjeskjema knytt til helse, arbeidsliv, utsetjing for farlege gassar og så vidare. Undersøkinga gjev unike data som kan gje ny kunnskap for lungelækjarar.
Vårt prosjekt vil verte det fyrste prosjektet som kan analysere tre målingar frå same forsøkspersonar, og vere den undersøkinga av diffusjonskapasitet med den desidert lengste oppfølgjingstida.
Tolking av mål på diffusjonskapasitet er avhengig av tal som viser kva som er normale verdiar, eit såkalla normalområde. Normalområdet er avhengig av fleire eigenskapar hjå pasienten, men alder, kjønn og høgd er dei viktigaste. Med auka kunnskap om korleis diffusjonskapasiteten utviklar seg gjennom livet, vil vi truleg i framtida få meir presise normalområde som igjen gjev meir presis diagnostikk.
Måling av diffusjonskapasitet har ein relativt stor variabilitet, og dette gjev vanskar både i høve til måling av den enkelte pasient og store undersøkingar for å bestemme normalverdiar. Prosjektet vårt inneheld ein eksperimentell del, der vi vil sjå på årsakar til variabiliteten. Fysisk aktivitet påverkar fordelinga av blod i kroppen, og gjennom dette også gassutvekslinga i lungene.
I 2008 publiserte forskingsgruppa vår ein artikkel som viste at bodkar i huda ikkje bidreg til omfordeling av blod i så stor grad at det påverkar diffusjonskapasiteten. Artikkelen var den fyrste som undersøkte diffusjonskapasitet etter fysisk aktivitet hjå kvinner, og vi oppdaga ein skilnad mellom kjønna.
Tidlegare forsøk har vist at diffusjonskapasiteten hjå kvinner endrar seg i dei ulike fasane i menstruasjonssyklus. I tillegg er det skilnader i blodtrykket mellom menn og kvinner etter fysisk aktivitet.
Etter prosjektstart i august 2010 har vi gått gjennom aktuell litteratur innan området, og i samarbeid med gynekologar ved Haukeland universitetssjukehus utarbeidd ein protokoll for korleis vi skal undersøke denne kjønnsskilnaden vidare. Søknaden er sendt til etisk komité for vurdering, og vi reknar med å byrje å rekruttere deltakarar i mars 2011.
Analyse av dei longitudinelle data frå Hordalandsundersøkinga vil starte etter at datainnsamlinga til undersøkinga av kjønnsskilnader er ferdig.
Deltagere
- Tomas Mikal Eagan Prosjektdeltaker
- Geir Egil Eide Prosjektdeltaker
- Per Bakke Medveileder
- Einar Thorsen Hovedveileder
- Michael Langballe Storebø Ph.d.-kandidat
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest