Barn som pårørende i fastlegetjenesten
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 911743
- Ansvarlig person
- Marit Hafting
- Institusjon
- Helse Bergen HF
- Prosjektkategori
- Forskningsprosjekt
- Helsekategori
- Mental Health
- Forskningsaktivitet
- 3. Prevention, 8. Health Services
Rapporter
Å sikre barn av foreldre med psykiatrisk sjukdom, rusmisbruk og alvorleg somatisk sjukdom oppfølging er viktig førebyggjande psykososialt arbeid. Dei vert lett «usynlege» for hjelpeapparatet, men fastlegen til foreldra kan vere i ein nøkkelposisjon mot. å sjå dei. Målet for prosjektet er å utvikle kunnskap fastlegen kan nytte i dette arbeidet.Barn av pasientar med alvorlege helseproblem er sårbare og utsette. Dei siste 10-15 åra har det i Noreg vore sett fokus på desse barna. Stortinget vedtok endringar i helsepersonellova (§10.a og §25) og spesialisthelselova (§3-7) med verknad frå 01.01.2010. Dette skal sikre barn av psykisk sjuke, alvorleg fysisk sjuke og rusmisbrukarar rett til informasjon og oppfølging der det er nødvendig. Fastlegen kan gjennom lovendringa få ei nøkkelrolle i oppfølging av barna. Mange av foreldra har første møte med helsetenesta hjå fastlegen, og denne legen følgjer også pasient og familie over tid, ofte i samarbeid med andre instansar i fyrstelina og spesialisthelsetenesta. Det er tidlegare gjort lite undersøkingar av korleis barn blir ivaretatt i fastlegetenesta.
Hovudmålet for vårt prosjekt er å utvikle retningsliner og verkty som fastlegen kan nytte i møtet med foreldra i målgruppa og deira barn. Samarbeidet med spesialisthelsetenesta vil verte eit tema her. Retningslinene og verktya skal utviklast ut frå dokumenterte erfaringar og tankar innhenta frå dei ulike aktørane; fastleger, barn og foreldre.
Prosjektet har fem delstudier:
1. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med eit strategisk utval av erfarne fastlegar om deira erfaringar i møte med barn som pårørande og deira foreldre og kva tankar dei har om kva rolle fastlegen kan ha.
Resultata er publisert i Scandinavian Journal for Primary Helath Care febr. 2014. Fastlegane har gode føresetnader for å støtte barn og foreldre, men dei fortalde om vesentlege barrierar i råmevilkår som lita tid og at familiane kan vere på ulike listar i tillegg til at dei vegra for å tematisere barna i konsultasjonen med foreldra for ikkje å leggje stein til byrda. Dei var redd for å såre dei og miste dei som pasientar.
2. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med barn som deltek i støttegrupper for barn som pårørande om korleis deira daglegdag er påverka av vanskane til foreldra og kva slags støtte dei treng, m.a. frå fastlegen.
Resultata er samla i ein artikkel som vert sendt til internasjonalt tidsskrift med fagfellevurdering jan. 2015. Konklusjonen er at fastlegen kan hjelpe borna ved å gi informasjon og å støtte dei å delta i aldersadekvate aktivitetar. Det å nytte dei gylne augneblinka når ungdomane er tilstade på fastlegekontoret for fysiske plager til å opne opp for andre tema, kan vere ein god strategi.
3. Studie basert på data frå djupneintervju med foreldre i målgruppa om kva støtte og oppfølging dei som foreldre ynskjer frå fastlegen og kva tilbod dei ynskjer for barna. Datainnsamlinga er gjennomført. Me reknar at artikkelen skal vere klar for publisering juni 2014.
4. Spørjeskjemaundersøking basert på resultata frå delstudie 1-3 sendt til fastlegar for å få oversikt over fordeling av haldningar og synspunkt på kva fastlegeteneste som let seg gjennomføre til barn som pårørande og deira familiar, og korleis forventningane til foreldre og barn kan verte møtt. Dette vert ei databasert spørjeskjemaundersøking våren 2015 i samarbeid med Den norske legeforening til alle allmenpraktiserande leger i Noreg.
5. Dokumentert utviklinga av retningsliner og verkty fastlegen kan nytte i møte med barn og foreldre. Studien er i gang ved at retningsliner og verkty m.a. er tema på forskergruppemøta og dei halvårlege forskernettverkssamlingane me arrangerar.
Etter planen skal prosjektet vere ferdig juni 2016 med fem publiserte artiklar og fullført doktorgrad for phd-kandidaten.
Å sikre barn av foreldre med psykiatrisk sjukdom, rusmisbruk og alvorleg somatisk sjukdom oppfølging er viktig førebyggjande psykososialt arbeid. Dei vert lett "usynlege" for hjelpeapparatet, men fastlegen til foreldra kan vere i ein nøkkelposisjon mot. å sikre dei støtte. Målet er å utvikle kunnskap fastlegen kan nytte i dette arbeidet.Barn av pasientar med alvorlege helseproblem er sårbare og utsette. Dei siste 10-15 åra har det i Noreg vore sett fokus på desse barna. Stortinget har vedtatt lovendring i helsepersonellova (§10.a og §25) og spesialisthelselova (§3-7) med verknad frå 01.01.2010. Dette skal sikre barn av psykisk sjuke, alvorleg fysisk sjuke og rusmisbrukarar rett til informasjon og oppfølging der det er nødvendig. Fastlegen kan gjennom lovendringa få ei nøkkelrolle i oppfølging av barna. Mange av foreldra har første møte med helsetenesta hjå fastlegen, og denne legen følgjer også pasient og familie over tid, ofte i samarbeid med andre instansar i fyrstelina og spesialisthelsetenesta. Det er tidlegare gjort lite undersøkingar av korleis barn blir ivaretatt i fastlegetenesta.
Hovudmålet for vårt prosjekt er å utvikle retningsliner og verkty som fastlegen kan nytte i møtet med foreldra i målgruppa og deira barn. Retningslinene og verktya skal utviklast ut frå dokumenterte erfaringar og tankar innhenta frå dei ulke aktørane; fastleger, barn og foreldre.
Prosjektet har fem delprosjekt:
1. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med eit strategisk utval av erfarne fastlegar om deira erfaringar i møte med barn som pårørande og deira foreldre og kva tankar dei har om kva rolle fastlegen kan ha.
2. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med barn som deltek i støttegrupper for barn som pårørande om korleis deira daglegdag er påverka av vanskane til foreldra og kva slags støtte dei treng, m.a. frå fastlegen.
3. Studie basert på data frå djupneintervju med foreldre i målgruppa om kva støtte og oppfølging dei som foreldre ynskjer frå fastlegen og kva tilbod dei ynskjer for barna.
4. Spørjeskjemaundersøking basert på resultata frå delstudie 1-3 sendt til fastlegar for å få oversikt over fordeling av haldningar og synspunkt på kva fastlegeteneste som let seg gjennomføre til barn som pårørande og deira familiar, og korleis forventningane til foreldre og barn kan verte møtt.
5. Utviklinga av dokumenterte retningsliner og verkty fastlegen kan nytte i møte med barn og foreldre.
Delprosjekt 1 er gjennomført og artikkelen akseptert for publisering vinteren 2014 i fagfellevurdert internasjonalt tidsskrift. Ein artikkel frå prosjektet er publisert i allmennpraktikertidsskriftet Utposten (42(5), 2013) og resultata er lagt fram på Nordisk forskarkongress i allmennmedisin aug. 2013. Delprosjekt 2 er godkjent av REK og to av tre fokusgruppeintervju med barn/ungdom er gjennomført. Databehandlinga er starta og artikkelen skal vere klar til innsending våren 2014. REK-søknad på delprosjekt 3 er sendt. Delprosjekt 4 er påbegynt ved at me i forskargruppa og det internasjonale nettverket diskuterer spørsmål til undersøkinga ut frå funna i delprosjekt 1. Delprosjekt 5 er og i gang ved at tema på dei halvårlege nettverkssamlingane m.a. er retningsliner og verkty.
2014 vert eit aktivt år i prosjektet: delprosjekt 2 vert fullført, datainnsamling og analyse av delprosjekt 3 vert gjennomført og delprosjekt 4 vert gjort klart til gjennomføring på nyåret 2015. M.a. for å klare dette skifta me seinhaustes 2012 ut den eine prosjektmedarbeidaren finansiert over Helse-Vest i 10% med fastlege, spesialist i allmennmedisin, PhD Tone Smith-Sivertsen i 20% stilling. Dette har ført til ei styrking av forskargruppa generelt, og serleg med tanke på delprosjekt 4. Av den grunn har lønnskostnadene dekka av Helse-Vest i 2013 vorte noko høgare ein opprinneleg budsjettert.
Å sikre barn av foreldre med psykiatrisk sjukdom, rusmisbruk og alvorleg somatisk sjukdom oppfølging er viktig førebyggjande psykososialt arbeid. Dei vert lett «usynlege» for hjelpeapparatet, men fastlegen til foreldra kan vere i ein nøkkelposisjon mot. å sikre dei støtte. Målet for prosjektet er å utvikle kunnskap fastlegen kan nytte i dette arbeidet.Barn av pasientar med alvorlege helseproblem er sårbare og utsette. Dei siste 10-15 åra har det i Noreg vore sett fokus på desse borna. Stortinget har vedtatt lovendring i helsepersonellova (§10.a og §25) og spesialisthelsetenestelova (§3-7a), med verknad frå 01.01.2010. Dette skal sikre born av psykisk sjuke, alvorleg fysisk sjuke og rusmisbrukarar rett til informasjon og oppfølging der det er nødvendig. Dette er eit vesentleg tiltak mot. å førebyggje psykososiale vanskar hjå disse barna både i oppveksten og som vaksne. Fastlegen har gjennom lovendringane fått ei nøkkelrolle i oppfølging av borna. Mange av foreldra har første møte med helsetenesta hjå fastlegen, og denne legen følgjer også pasient og familie over tid, ofte i samarbeid med andre instansar i fyrstelina og spesialisthelsetenesta. Det har tidlegare blitt gjort lite undersøkingar av korleis slike born blir ivaretatt i fastlegetenesta.
Hovudmålet for vårt prosjekt er å utvikle retningsliner og verkty som fastlegen kan nytte i møtet med foreldra i målgruppa og deira barn, både mot. å identifisere borna, innhente samtykke frå foreldra og sørgje for nødvendig oppfølging. Retningslinene og verktya skal verte utvikla ut frå dokumenterte erfaringar og tankar innhenta frå dei ulike aktørane; fastlegar, born og foreldre.
Prosjektet har fem delprosjekt:
1. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med eit strategisk utval av erfarne fastlegar om deira erfaringar i møte med barn som pårørande og deira foreldre og kva tankar dei har om kva rolle fastlegen kan ha.
2. Studie basert på data frå fokusgruppeintervju med barn som deltek i støttegrupper for barn som pårørande om korleis deira daglegdag er påverka av vanskane til foreldra og kva slags støtte dei treng, m.a. frå fastlegen.
3. Studie basert på data frå djupneintervju med foreldre i målgruppa om kva støtte og oppfølging dei som foreldra ynskjer frå fastlegen og kva tilbod dei ynskjer for borna
4. Spørjeskjemaundersøking basert på resultata frå delstudie 1-3 sendt til eit representativt utval av fastlegar for å få ein oversikt over fordelinga av haldningar og synspunkt på god fastlegeteneste som let seg gjennomføre til barn som pårørande og deira familiar, og korleis forventingane til foreldre og barn kan bli møtt.
5. Dokumentert utvikling av retningsliner og verkty fastlegen kan nytte i møte med born og foreldre.
I løpet av 2012 er datainnsamling til delprosjekt 1 gjennomført og data analysert. Fyrste artikkel frå prosjektet er difor klar til å bli sendt til vurdering for publisering i eit internasjonalt fagfellevurdert tidsskrift vinteren 2013. I tillegg er det søkt REK-godkjenning for delprosjekt 2 der datainnsamlinga er fokusgruppeintervju med born. Me har gjort avtale med leiarar i støttegrupper for born av psykisk sjuke foreldre, born av rusmisbrukarar og born av foreldre med kreft. Når REK-godkjenninga er i orden og me har fått samtykke frå foreldre og barn, vil me starte intervjua våren 2013.
Det har tatt tid å få tilsett prosjektmedarbeidarar slik me søkte midlar til frå Helse-Vest, både av di dei måtte frigjere tid og pga. sjukdom. Frå 1.1.13 er det tilsett erfarne forskarar i alle delstillingane. Me har planlagt halvårlege møte med ein internasjonal refleksjonsgruppe som skal følgje prosjektet, men det første møtet måtte utsettast til jan. 2013 då alle stillingane var fylt. Dvs. at deler av prosjektet, serleg førebuinga av delprosjekt 5, er ca. eit halvt år forseinka.
Vitenskapelige artikler
Gullbrå Frøydis, Smith-Sivertsen Tone, Rortveit Guri, Anderssen Norman, Hafting Marit
To give the invisible child priority: children as next of kin in general practice.
Scand J Prim Health Care 2014 Mar;32(1):17-23. Epub 2014 feb 17
PMID: 24533845
Deltagere
- Karin van Doesum Prosjektdeltaker
- Norman Anderssen Prosjektdeltaker
- Guri Rørtveit Prosjektdeltaker
- Tone Smith-Sivertsen Medveileder
- Frøydis Gullbrå Ph.d.-kandidat
- Marit Hafting Prosjektleder
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest