Eating habits, physical and metabolic parameters relevant for obesity
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 970004
- Ansvarlig person
- Villy Våge
- Institusjon
- Helse Førde HF
- Prosjektkategori
- Strategiske midler - prosessmidler
- Helsekategori
- Rehabilitation
- Forskningsaktivitet
- Klinisk forskning
Rapporter
Eating habits, physical and metabolic parameters relevant for obesity.Prosjektet var delt i to delprosjekt:
a) Ei pasientgruppe behandla med livsstilsintervensjon for sjukleg overvekt og
b) ei pasientgruppe behandla med bariatrisk kirurgi.
Første delprosjektet vart gjort ferdig i 2007 då Lesley Robertson, ernæringsfysiolog ved Hauglandssenteret forsvarte sin mastergradsstudie på temaet i Bergen juni 2007.
Dessverre har vi ikkje funne kapasitet til å få utført andre del av studien, og der er såleis ikkje presentert / publisert noko frå dette prosjektet i 2008
Eating habits, weight, waist circumference and levels of hormones, metabolites and inflammatory markers relevant to obesity-related diseases in individuals treated for morbid obesity through surgical or lifestyle change intervention: a long term descriptive study.Mål med studien er å sjå korleis endring i matvanar, vekttap og/eller reduksjon i bukfedme påverkar markørar for metabolsk sjukdom.
Studien er planlagt utført på to grupper av pasientar:
Gruppe A; 24 sjukleg overvektige personar behandla med livsstilsintervensjon i institusjon.
Behandlinga består i to 16-vekers program med fokus på fysisk aktivitet og eit lågkalori-kosthald, rikt på fiber og med lågt feittinnhald.
Gruppe B; 24 sjukleg overvektige personar behandla med overvektsoperasjon (BPDDS).
Oppfyljing vart planlagt til 1, 2 og 5 år etter intervensjon.
Matvanar vert kartlagt med sju-dagars kostanamnese der pasienten kvar dag over sju dagar skriv ned det han / ho et. Endring i vekt og bukfedme vert målt på oppfyljande kontrollar. Biokjemiske markørar som vert målt er CRP, insulin, insulin C peptid og adiponectin.
I gruppe A (livsstilsintervensjon) avbraut fire personar behandlinga og ein person trekte seg frå forskingsprosjektet; 19 personar stod såleis att som deltakarar. Under behandlinga gjekk inntaket av feitt inklusive metta feitt ned, og inntaket av protein, karbohydrat og fiber auka. Vekttapet i gruppa 40 veker etter oppstart var i gjennomsnitt 42 kg, med reduksjon i kroppsmasseindeks frå 52 til 38 kg/m2. Livvidda vart i gjennomsnitt redusert med 30 cm (21 %). Der var statistisk signifikant reduksjon i hs-CRP både 24 og 40 veker etter start, og signifikant auke i adiponectin 40 veker etter start. (Mastergrad i ernæringsfysiologi v/UiB 22.06.07)
I gruppe B var svarprosenten så låg at vi valgte å avbryte innsamling av grunndata i 2007. Det er planlagt ny oppstart med litt anna tilnærming for innsamling av grunndata i 2008.
Sunn mat plus mosjon kan ha god effekt! I dette prosjektet søkje vi å kartleggje effekten av å endre livstil på fedme, særleg abdominal fedme, og blod markørar som er relevante for utvkling av fedmerelaterte sjukdomar, sier Lesley Robertson, klinisk ernæringsfysiolog ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Sogn og Fjordane.Fedme, og særskilt abdominal fedme, er ein stor risikofaktor for ei rekkje sjukdomar. Forekomsten av hjerte- og karsjukdomar og type II diabetes mellitus (DM) er hyppigare hjå overvektige samanlikna med normalvektige personar.
Utvikling av fedmerelaterte sjukdomar er svært kompleks, men ein er i ferd med å få oversikt over nokre av mekanismane. Etter kvart som fedme hjå ein person aukar, og feittceller veks i storleik, fører dette til at feittvevet frigjev pro-inflammatoriske signalstoff som gir låggradig betennelsestilstanden.
Epidimiologiske studier viser at pro-inflammatoriske signalstoff og hs-CRP (high sensitivity C-reactive protein) som gir indikasjon av betennelsestilstanden, auker ved fedmerelaterte sjukdomar. Samtidig veit ein at blodnivået av det anti-diabetiske, anti-inflammatoriske, anti-atherosklerotiske fettvev hormonet adiponektin går ned med alvorleg fedme og ein trur at denne reduksjonen er viktig for utviklinga av fedmerelatert sjukdomar.
Moderat vektreduksjon kan hindre og reversere utvikling av fedme-relaterte sjukdomar som type II DM og ein vedvarande vektreduksjon kan redusere blodnivå av dei aktuelle inflammasjonsmarkørane. I tillegg er det mogeleg at endring i diettsamansetning kan ha effekt på inflammasjon og utvikling av fedme-relaterte sjukdomar.
I 2005 etablerte Helse Vest eit behandlingstilbod med fokus på livsstilendring (sunn mat, mosjon og mental trening) for sjukeleg overvektige. Opplegget var basert på ei avtale med Ebeltoft kurcenter i Danmark og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter der 48 deltakerar (delte i to grupper) fekk tilbod om eit behandlingsopplegg over totalt 40 veker.
I denne studien ynskte vi å undersøkje effekten av livstilsendring med omsyn til kostvanar, vektreduksjon og endring av midje-mål og blodnivå av dei markørane som er relevante for fedmerelaterte sjukdomar; adiponektin og hs-CRP.
Resultata frå ei gruppe på livstilsendring er analyserte og vert publisert som ei mastergradsoppgåve våren 2007. Med omsyn til kostvanar, har deltakarane minka feittinntak (særleg metta feitt) i løpet av opplegget og dette fører til høgare energi prosent frå protein og karbohydrater. Dei har også auka fiber inntak og minka sukker inntak. Gjennomsnittleg vektreduksjonen var 28 % av innleiande vekt, med ein reduksjon av 21 % i midje-mål. Samtidig minka hs-CRP nivået og adiponektin auka.
Til tross for at vi ikkje har data som viser at utvikling av fedme-relaterte sjukdomar i gruppa minka, indikerer resultata (om kostvanar, vekt, midje-mål og blodmarkørar) at ein kunne forvente redusert risiko for slike sjukdomar.
Vi vil gjennomføre same type studie med pasienter som får tilbod om kirurgisk fedmebehandling ved Førde sentralsjukehus (FSS). Innsamling av data frå kirguriske pasienter er nett sett i gang og det blir spennande å få resultata!
Relaterte publikasjonar
1.Florez H, Castillo-Florez S, Mendez A, Casanova-Romero P, Larreal-Urdaneta C, Lee D & Goldberg R (2006) C-reactive protein is elevated in obese patients with the metabolic syndrome. Diabetes Res Clin Pract 71, 92-100.
2.Gil-Campos, M., Canete, R. R. & Gil, A. (2004) Adiponectin, the missing link in insulin resistance and obesity. Clin Nutr 23: 963-974.
3.Lindstrom J, Louheranta A, Mannelin M, Rastas M, Salminen V, Eriksson J, Uusitupa M & Tuomilehto J (2003) The Finnish Diabetes Prevention Study (DPS): Lifestyle intervention and 3-year results on diet and physical activity. Diabetes Care 26, 3230-3236.
4.Sosial-og Helse direktorat 2004. Forebygging og behandling av overvekt/fedme i helsetjenesten.
Vitenskapelige artikler
Robertson L, Liaset B, Våge V.
Lifestyle change intervention in a group of morbidly obese persons
Medisinsk fakultet, UiB, 2007
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest