MEDISIN FRÅ DØD TIL LIV. Framstilling og analyse av tverrfaglige synspunkt på obduksjon og organdonasjon.
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 2007070
- Ansvarlig person
- Jan Mæhlen
- Institusjon
- Oslo universitetssykehus HF
- Prosjektkategori
- Forskningsprosjekt
- Helsekategori
- Generic Health Relevance
- Forskningsaktivitet
- 8. Health Services
Rapporter
Framstilling og analyse av etiske, historiske, juridiske, kommunikasjonsrelaterte, medisinske, pedagogiske, praksisorienterte, psykologiske, samfunnsmessige og teologiske synspunkt på obduksjon og organdonasjon for transplantasjon.Problemstillingane spenner over eit vidt felt og er strukturerte innanfor 3 store einingar:
Bakgrunnsbolken gir ein inngåande idé- og kulturhistorisk presentasjon av kva slags beveggrunnar som innanfor ulike tidsaldrar har gjort seg gjeldande i forhold til ein pro- og contraposisjon i samband med spørsmålet om medisinsk motiverte inngrep på døde menneske. Særleg vekt blir lagt på å identifisere slike drivkrefter i antikken, mellomalderen, rennesansen og fram til dei lutherske reformatorane som ein innfallsvinkel til å forstå utviklinga av vestleg medisin. Denne bolken kan også til ein viss grad lesast som eit tematisk forspel til Grunnbolken i den forstand at ei rekkje av problemstillingane i Grunnbolken gjentatte gonger er i fokus allereie innanfor rammene av tidlegare epoker og kulturar.
Grunnbolken representerer ein grunnleggjande gjennomgang av ei rekkje hovudspørsmål av medisinsk, trusmessig, psykologisk, kommunikasjonsmessig og juridisk art. Han startar med å referere ei rekkje gjeldande medisinske nøkkelaspekt ved sjukehusobduksjon og nekrodonasjon, for så å skissere ulike livssynsrelaterte ståstader til desse inngrepa. Sentrale linjer i evangelisk tru og tankegang blir spesifikt drøfta i relasjon til dei nemnde medisinske utfordringane, og det etiske dilemmaet mellom rasjonelle og emosjonelle mekanismer hos individet – slik det ofte manifesterer seg i møte med denne tematikken – blir belyst. Også opptakta til, beveggrunnar for og sjølve prosessen ved utforminga av det norske lovverket for obduksjon og transplantasjon blir gjort greie for, med hovudvekt på spørsmålet om informasjon og samtykke. Tilsvarande problemstilling blir også stilt i søkjelyset ved gjennomgang av etikk og regelverk for behandling av levande pasientar.
Hovudbolken byr på ei systematisk drøfting av ulike etiske problemstillingar som eg opplever heftar ved gjeldande ordning for sjukehusobduksjon og nekrodonasjon. Problemstillingane er særleg relaterte til spørsmål om infomasjon, samtykke og reservasjon samt praktisk-etisk handtering av avdøde og av uttekne organ og organmateriale frå denne. Drøftinga omfattar også pårørande sin plass og sine behov i samanhengen. I drøftinga blir sentrale, tverrfaglege erkjenningar frå Grunnbolken ytterlegare utdjupa i relasjon til dei ordningane som i dag gjeld for dei to medisinske verksemdene. Hovudbolken representerer brytningar mellom refleksjon over desse erkjenningane og tolking av den konteksten som spesialisthelsetensta i samband med desse verksemdene er omgitt av.
Metoder
Avhandlinga ber preg av ei veksling mellom fleire former for kvalitativ forskingsteori og -metodikk:
Ei spørjande haldning, teoriar om tolking (hermenevtikk. Sentrale referanser er her Dilthey, Gadamer og Ricoeur), teoriar om analyse, syntese, menneskeleg erfaring (fenomenologi), teorien om empirinær og praksisorientert forsking (Aristoteles, Habermas, Bernstein og Browning), normteori, teorien om narrative konstruksjonar, kritisk teori, teorien om diskurs og ”krafta i betre argument” (Habermas) samt teoriar om metaforar, allegori og retorikk.
Vitenskapeleg betydning
Prosjektet frambringer ei rekkje nye tolkingar og forståingsmåtar og legg på denne måten til rette for viktige endringar av vilkåra for obduksjons- og transplantasjonsverksemda, slik at desse vil kunne få eit løft.
Framstilling og analyse av tverrfaglige synspunkt på obduksjon og organdonasjon.
Fritt forskningsprosjektProblemstillingane spenner over eit vidt felt og er strukturerte innanfor 5 bolkar:
Bakgrunnsbolken gir ein inngåande idé- og kulturhistorisk presentasjon av kva slags beveggrunnar som innanfor ulike tidsaldrar har gjort seg gjeldande i forhold til ein pro- og contraposisjon i samband med spørsmålet om medisinsk motiverte inngrep på døde menneske. Særleg vekt blir lagt på å identifisere slike drivkrefter i antikken, mellomalderen, rennesansen og fram til dei lutherske reformatorane som ein innfallsvinkel til å forstå utviklinga av vestleg medisin. Denne bolken kan også til ein viss grad lesast som eit tematisk forspel til Grunnbolken i den forstand at ei rekkje av problemstillingane i Grunnbolken gjentatte gonger er i fokus allereie innanfor rammene av tidlegare epoker og kulturar.
Grunnbolken representerer ein grunnleggjande gjennomgang av ei rekkje hovudspørsmål av medisinsk, trusmessig, psykologisk, kommunikasjonsmessig og juridisk art. Han startar med å referere ei rekkje gjeldande medisinske nøkkelaspekt ved sjukehusobduksjon og nekrodonasjon, for så å skissere ulike livssynsrelaterte ståstader til desse inngrepa. Sentrale linjer i evangelisk tru og tankegang blir spesifikt drøfta i relasjon til dei nemnde medisinske utfordringane, og det etiske dilemmaet mellom rasjonelle og emosjonelle mekanismer hos individet – slik det ofte manifesterer seg i møte med denne tematikken – blir belyst. Også opptakta til, beveggrunnar for og sjølve prosessen ved utforminga av det norske lovverket for obduksjon og transplantasjon blir gjort greie for, med hovudvekt på spørsmålet om informasjon og samtykke. Tilsvarande problemstilling blir også stilt i søkjelyset ved gjennomgang av etikk og regelverk for behandling av levande pasientar.
Hovudbolken byr på ei systematisk drøfting av ulike etiske problemstillingar som eg opplever heftar ved gjeldande ordning for sjukehusobduksjon og nekrodonasjon. Problemstillingane er særleg relaterte til spørsmål om infomasjon, samtykke og reservasjon samt praktisk-etisk handtering av avdøde og av uttekne organ og organmateriale frå denne. Drøftinga omfattar også pårørande sin plass og sine behov i samanhengen.
Metoder
Avhandlinga ber preg av ei veksling mellom fleire former for kvalitativ forskingsteori og -metodikk:
Teoriar om tolking, teoriar om analyse, syntese, menneskeleg erfaring, teorien om empirinær og praksisorientert forsking, normteori, teorien om narrative konstruksjonar, kritisk teori, teorien om diskurs og ”krafta i betre argument” samt teoriar om metaforbruk, allegori og retorikk.
Vitenskapelig betydning
Prosjektet vil frambringe ei rekkje nye tolkingar og forståingsmåtar og legg på denne måten til rette for viktige endringar av vilkåra for obduksjons- og transplantasjonsverksemda, slik at desse vil kunne få eit løft.
Doktorgrader
Magne Stendal
doktor philos
- Disputert:
- september 2009
- Hovedveileder:
- Jan Mæhlen
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til eRapport