eRapport

A randomized controlled trial of resection versus thermal ablation of colorectal cancer liver metastases

Prosjekt
Prosjektnummer
2021065
Ansvarlig person
Åsmund Avdem Fretland
Institusjon
Oslo universitetssykehus HF
Prosjektkategori
Åpen prosjektstøtte
Helsekategori
Cancer, Cardiovascular, Inflammatory and Immune System
Forskningsaktivitet
5. Treatment Developement, 6. Treatment Evaluation
Rapporter
2024
Ein ny epoke i behandling av levermetastasar: NEW COMET-studien. Studien prøver å finne ut om termisk ablasjon kan erstatte kirurgisk reseksjon av levermetastaser frå tarmkreft.Kreft i tjukktarmen og endetarmen, kjent som kolorektal kreft, er ei av dei vanlegaste kreftformene i verda. Mange pasientar med denne sjukdomen opplever at kreften spreier seg til levra, noko som kan gjere behandlinga meir utfordrande. I lang tid har kirurgisk fjerning av metastasane vore rekna som den beste behandlinga, men dei siste åra har ein alternativ metode, termisk ablasjon, vorte meir populær. Spørsmålet er om denne metoden kan gi like gode resultat som kirurgi. Dette er det NEW COMET-studien prøver å finne ut av. Bakgrunn Termisk ablasjon er ein minimalt invasiv metode der ein brukar varme til å øydeleggje kreftceller. Dette kan gjerast anten ved radiofrekvensablasjon (RFA) eller mikrobølgjeablasjon (MWA). Fordelen med denne metoden er at inngrepet ofte kan gjerast gjennom huda med ei nål, noko som gir mindre smerte, raskare tilfrisking og kortare sjukehusopphald samanlikna med tradisjonell kirurgi. Likevel manglar det solide vitskaplege bevis på at ablasjon er like effektivt som kirurgi. Hovudmål NEW COMET er ein randomisert, kontrollert studie som undersøkjer om termisk ablasjon er likeverdig med kirurgisk fjerning av levermetastasar. Hovudmålet er å samanlikne kor mange pasientar som får tilbakefall av kreft i området der metastasen vart behandla, innan eitt år etter behandlinga. Sekundære mål - Pasientanes livskvalitet etter behandlinga - Kostnadseffektivitet, det vil seie kva metode som gir best resultat i forhold til kostnader. - Komplikasjonar og postoperative smerter. - Samla overleving og sjukdomsfri overleving etter behandling. - Hemodynamiske reaksjonar Kva gjer denne studien unik? Ein stor utfordring i tidlegare studiar av termisk ablasjon har vore det som blir kalla seleksjonsbias. Det vil seie at pasientar som har fått ablasjon, ofte har vore i dårlegare form eller hatt meir alvorleg sjukdom enn dei som har fått kirurgi. Dette gjer det vanskeleg å samanlikne resultata rettferdig. NEW COMET løyser dette ved å bruke ein randomisert, dobbeltblind design. Det betyr at pasientane vert tilfeldig fordelt til anten kirurgi eller ablasjon, og verken pasientane eller dei som behandlar dei, veit kva behandling dei har fått før etter ein månad. Kven deltek i studien? Studien har no inkludert 185 av totalt 230 pasientar med levermetastasar som kan fjernast anten med kirurgi eller ablasjon. Begge behandlingane må kunne gi radikal (fullstendig) fjerning av metastasane, og pasientane må oppfylle strenge inklusjonskriterium. Studien vert gjennomført ved fleire store sjukehus i Europa, inkludert Oslo Universitetssjukehus, Karolinska (Stockholm), Sahlgrenska (Göteborg) og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg. Kva skjer vidare? Pasientane vert følgde opp med CT-undersøkingar og blodprøver i 5 år. I tillegg vert det samla inn informasjon om livskvalitet, smerter, komplikasjonar og behov for ny behandling. Potensielle konsekvensar Dersom studien viser at termisk ablasjon er likeverdig med kirurgi, vil det bety at fleire pasientar kan få ei mindre belastande behandling med kortare tilfriskingstid. Det vil også kunne spare helsevesenet for kostnader knytt til lengre sjukehusopphald og meir kompliserte inngrep. Samtidig vil studien bidra til å betre forståinga av korleis ein kan sikre at ablasjonen blir fullstendig, slik at ein minimerer risikoen for tilbakefall. Dersom ablasjon viser seg å ha dårlegare resultat enn kirurgi, vil studien gi verdifull kunnskap om kva pasientgrupper som bør unngå denne behandlingsmetoden.

Nei

2023
Studien samanliknar termisk ablasjon og kirurgisk reseksjon av kolorektale levermetastasar. Primært endepunkt er forekomst av lokalt residiv etter 12 mnd.Den randomiserte studien er i gang, og følgjer planlagt inklusjonstempo, 122/230 pasientar er inkludert. Stockholm er første internasjonale senter som deltar (Karolinska/Danderyd), og studien åpna i Tromsø i januar 2024. Göteborg er neste senter som er planlagt. Studieperioden er forlenga til 6 år men vi håpar å vere ferdig med inklusjon i løpet av 4 år. Studien ligg framleis an til å bli den første randomiserte studie som samanliknar intraoperativt verifisert ablasjon med reseksjon av kolorektale levermetastasar. Protokollen er presentert på fleire internasjonale kongressar.

Nei

2022
Dette er den første randomiserte studien som skal samanlikne reseksjon og termisk ablasjon med intraoperativ CT-bekreftelse av ablasjonsområdet, Studien vil kunne få stor betydning for framtidig behandling av leversvulstar, spesielt spredningssvulstar frå tarmkreft.Den randomiserte studien er no i gang, og følgjer planlagt inklusjonstempo. Stockholm er første internasjonale senter som deltar (Karolinska/Danderyd). Vi jobbar med å inkludere eit eller fleire norske senter, og kanskje også eit utanlandsk senter til. Pr i dag er ca 60 pasientar inkludert. Det har vore ei forbigåande reduksjon i inklusjonstakt høsten 22. Mulig relatert til post-covid, men umulig å seie sikkert. Studieperioden er forlenga til 6 år men vi håpar å vere ferdig med inklusjon i løpet av 3 år til, kanskje før om vi får ei sterk multisentergruppe på plass. Studien ligg framleis an til å bli den første randomiserte studie som samanliknar intraoperativt verifisert ablasjon med reseksjon av kolorektale levermetastasar.

Nei

2021
I denne studien vil 230 pasientar som er tilgjengelig for kurativ operasjon av spredningssvulstar frå tarmkreft til lever bli randomisert ("loddtrekning") til enten termisk ablasjon (nåleablasjon, mikrobølge eller radiofrekvens) eller kirurgisk fjerning (fortrinnsvis med kikkhullsteknikk). Studien starta 1. desember 2021.Studien er i gang og inkluderer aktivt ved Oslo Universitetssykehus. Dr. Ingrid Schrøder Hansen er PhD-stipendiat og har vore tilsett i studien sidan 15. september 2021. Åsmund Avdem Fretland er hovudrettleiar. Studiegruppa har møte med brukarutvalget 1-2 gonger i året, for å sikre at retninga på forskningsarbeidet er i samsvar med pasientinteresser. Protokollen vil bli presentert på fleire vitskaplige møte i løpet av våren 2022. Den første artikkelen frå studien, som skal presentere retrospektive resultat frå dei to behandlingstypane frå OUS, er under arbeid. Studiegruppa er også i gang med å rekruttere fleire senter til studien, men det er enno usikkert om dette blir aktuelt. Studiegruppa er i tillegg med på eit internasjonalt samarbeid for å kartlegge tilleggseffekten av MR i utredninga av pasientar med levermetastasar, den såkalte CAMINO-studien.

Nei

Vitenskapelige artikler
Pereira PL, Bale R, Fretland ÅA, Goldberg SN, Helmberger T, Meijerink MR, Orsi F, Stättner S, Vogl T, Kafkoula A, de Jong N, Zeka B, de Baère T

Local Tumour Control Following Microwave Ablation: Protocol for the Prospective Observational CIEMAR Study.

Cardiovasc Intervent Radiol 2024 Jan;47(1):121. Epub 2023 okt 26

PMID: 37884801

Boretto L, Pelanis E, Regensburger A, Fretland ÅA, Edwin B, Elle OJ

Hybrid optical-vision tracking in laparoscopy: accuracy of navigation and ultrasound reconstruction.

Minim Invasive Ther Allied Technol 2024 Jun;33(3):176. Epub 2024 feb 9

PMID: 38334755

Fichtinger RS, Aldrighetti LA, Abu Hilal M, Troisi RI, Sutcliffe RP, Besselink MG, Aroori S, Menon KV, Edwin B, D'Hondt M, Lucidi V, Ulmer TF, Díaz-Nieto R, Soonawalla Z, White S, Sergeant G, Olij B, Ratti F, Kuemmerli C, Scuderi V, Berrevoet F, Vanlander A, Marudanayagam R, Tanis P, Dewulf MJL, Dejong CHC, Eminton Z, Kimman ML, Brandts L, Neumann UP, Fretland ÅA, Pugh SA, van Breukelen GJP, Primrose JN, van Dam RM,

Laparoscopic Versus Open Hemihepatectomy: The ORANGE II PLUS Multicenter Randomized Controlled Trial.

J Clin Oncol 2024 May 20;42(15):1799. Epub 2024 apr 19

PMID: 38640453

Boretto L, Pelanis E, Regensburger A, Petkov K, Palomar R, Fretland ÅA, Edwin B, Elle OJ

Intraoperative patient-specific volumetric reconstruction and 3D visualization for laparoscopic liver surgery.

Healthc Technol Lett 2024 Dec;11(6):374. Epub 2024 des 9

PMID: 39720761

Görgec B, Hansen I, Kemmerich G, Syversveen T, Abu Hilal M, Belt EJT, Bisschops RHC, Bollen TL, Bosscha K, Burgmans MC, Cappendijk V, De Boer MT, D'Hondt M, Edwin B, Gielkens H, Grünhagen DJ, Gillardin P, Gobardhan PD, Hartgrink HH, Horsthuis K, Kok NFM, Kint PAM, Kruimer JWH, Leclercq WKG, Lips DJ, Lutin B, Maas M, Marsman HA, Morone M, Pennings JP, Peringa J, Te Riele WW, Vermaas M, Wicherts D, Willemssen FEJA, Zonderhuis BM, Bossuyt PMM, Swijnenburg RJ, Fretland ÅA, Verhoef C, Besselink MG, Stoker J,

Clinical added value of MRI to CT in patients scheduled for local therapy of colorectal liver metastases (CAMINO): study protocol for an international multicentre prospective diagnostic accuracy study.

BMC Cancer 2021 Oct 18;21(1):1116. Epub 2021 okt 18

PMID: 34663243

Deltagere
  • Peter Andreas Mellbye Forskningspersonell
  • Malin Eilard Internasjonal samarbeidspartner
  • Gunnar Oltmanns Prosjektdeltaker
  • Didrik Kjønås Prosjektdeltaker
  • Linn Såve Nymo Prosjektdeltaker
  • Kim Erlend Mortensen Prosjektdeltaker
  • Susanne Heimly Rønning Forskningspersonell
  • Jennie Engstrand Internasjonal samarbeidspartner
  • Ernesto Sparrelid Internasjonal samarbeidspartner
  • Peter Kingham Internasjonal samarbeidspartner
  • Karina Roheim Hårvig Doktorgradsstipendiat (annen finansiering)
  • Sheraz Yaqub Prosjektdeltaker
  • Kristoffer Watten Brudvik Prosjektdeltaker
  • Knut Brabrand Prosjektdeltaker
  • Bård Ingvald Røsok Prosjektdeltaker
  • Egidijus Pelanis Prosjektdeltaker
  • Kristoffer Lassen Prosjektdeltaker
  • Andreas Westenvik Espinoza Prosjektdeltaker
  • Per Steinar Halvorsen Prosjektdeltaker
  • Trygve Syversveen Medveileder
  • Bjørn Edwin Medveileder
  • Ingrid Schrøder Hansen Doktorgradsstipendiat (finansiert av denne bevilgning)
  • Åsmund Avdem Fretland Prosjektleder

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til eRapport

Personvern  -  Informasjonskapsler