Akutt KOLS-exacerbasjon. Pasient- og sjukepleiarperspektivet.
Prosjekt
- Prosjektnummer
- 46011600-37
- Ansvarlig person
- Lennart Øhlund
- Institusjon
- Høgskolen i Ålesund
- Prosjektkategori
- FoU-midler 2009 høgskolesamarbeidet
- Helsekategori
- Respiratory
- Forskningsaktivitet
- 7. Disease Management
Rapporter
Helse Sunnmøre og Høgskolen i Ålesund samarbeider om å fullføre prosjektet. For tida blir det arbeidd med bearbeiding, analyse og publisering.Hensikta med prosjektet er å utvikle kunnskap som kan bidra til å gi eit betre behandlingstilbod ver akutt KOLS- exacerbasjon.
Forskingsspørsmåla blir belyste både frå pasientane og intensivsjukepleiarar sin synsvinkel. Rekruttering av informantane er gjort av kontaktsjukepleiar på intensivavdelingane. Intervjua er i hovudsak gjennomført ved helseføretaka
Tre fokusgruppeintervju med intensivsjukepleiarar og intervju med ni pasientar er gjenomførte. Det vart brukt ein intervjuguide både i fokusgruppeintervjua og pasientintervjua. Spørsmåla omhandla erfaringar med og synspunkt på mestring og medverknad ved akutt forverring. Intervjua er tatt opp på lydband og transkriberte.Også bakgrunnsvariablar for både pasientar og intensivsjukepleiarar vart samla.
Det blir arbeidd med å analyser materialet og utforme vitskaplege artiklar. Det blir arbeidd intensivt med den først vitskaplege publikasjonen.Det blir satsa på å publisere i internasjonale vitskaplege tidsskrift. Det er kontinuerlege møte mellom Helseføretaket og Høgskolen. Den først artikkelen vil omhandle intensivsjukepleiarane sine erfaringar og synspunkt på muligheit for pasientmedverknad i det akutte stadiet. Det er samla eit rikt empirisk materiale på dette området.
Prosjektet vart godkjent av Regional etisk komite i januar 2009.
Prosjektet har ei referansgruppe der det blir planlagt korleis tilbakeføringa av kunnskapen som blir utvikla i prosjektet skal skje. Det er utvikla ein samarbeidsmodell om forsking som kan vidareførast til andre prosjekt.
Hensikta med dette prosjektet er å utvikle kunnskap som kan bidra til eit betre behandlingstilbod ved akutt KOLS-exacerbasjon. Eit mål med prosjektet er å undersøke korleis pasientar best kan meistre dei psykiske og fysiske utfordringane knytt til behandling ved akutt KOLS-exacerbasjon.Forsking viser at pasientar opplever den medisinsk/tekniske behandlinga som utfordrande. Vi ynskjer å systematisere og analysere pasient- og sjukepleieerfaringar knytt til denne tilstanden. Fleire studiar viser at pasientar og sjukepleiarar vurderer ulikt i høve til kva type omsorg som er viktigast for pasienten. Difor vil vi i denne studien også ha eit komparativt perspektiv. Meir kunnskap på desse felta vil kunne gi grunnlag for eit kvalitativt betre behandlingstilbod med større merksemd på korleis helsepersonell kan styrke pasienten sine meistringsstrategiar.
Desse forskingsspørsmåla er formulerte:
1. Korleis opplever pasientar akutt KOLS- exacerbasjon?
2. Kva opplever pasientane som viktig for å meistre ei akutt forverring ?
3. Korleis ynskjer pasientar medverknad ved akutt forverring?
4. Kva ser intensivsjukepleiarane som viktig for at pasienten skal meistre denne sjukdomsfasen?
5. Korleis ser sjukepleiarane på pasientmedverknad ved KOLS- exacerbasjon?
6. Pasienterfaringar og sjukepleieerfaringar i eit komparativt perspektiv
Tre fokusgruppeintervju med 17 intensivsjukepleiarar er blitt gjennomførte og transkriberte. Analyse er påbegynt. Pasientintervju er påbegynt, men det kjem til å ta lenger tid enn forventa å rekruttere nok pasientar som informantar.
Søknad vart endeleg godkjent av Regional etisk komite 19.01.09 (4.2008.2869) og av Personvernombodet 30. mars. 2009. Positivt svar frå Personvernombodet vart motteke 23. januar 2009.
Det har vore kontinuerlege møte i referansegruppa for prosjektet i 2009.
Hensikta med dette prosjektet er å utvikle kunnskap som kan bidra til eit betre behandlingstilbod ved akutt KOLS-exacerbasjon. Eit mål med prosjektet er å undersøke korleis pasientar best kan meistre dei psykiske og fysiske utfordringane knytt til behandling ved akutt KOLS-exacerbasjon.Forsking viser at pasientar opplever den medisinsk/tekniske behandlinga som utfordrande. Vi ynskjer å systematisere og analysere pasient- og sjukepleieerfaringar knytt til denne tilstanden. Fleire studiar viser at pasientar og sjukepleiarar vurderer ulikt i høve til kva type omsorg som er viktigast for pasienten. Difor vil vi i denne studien også ha eit komparativt perspektiv. Meir kunnskap på desse felta vil kunne gi grunnlag for eit kvalitativt betre behandlingstilbod med større merksemd på korleis helsepersonell kan styrke pasienten sine meistringsstrategiar.
Desse forskingsspørsmåla er formulerte:
1. Korleis opplever pasientar akutt KOLS- exacerbasjon?
2. Kva opplever pasientane som viktig for å meistre ei akutt forverring ?
3. Korleis ynskjer pasientar medverknad ved akutt forverring?
4. Kva ser intensivsjukepleiarane som viktig for at pasienten skal meistre denne sjukdomsfasen?
5. Korleis ser sjukepleiarane på pasientmedverknad ved KOLS- exacerbasjon?
6. Pasienterfaringar og sjukepleieerfaringar i eit komparativt perspektiv
Kvalitative forskingsintervju med 10 – 15 pasientar og 3 fokusgruppeintervju med 20 – 30 intensivsjukepleiarar vil bli gjennomført for å samle datagrunnlaget.
I haustsemesteret 2008 vart prosjektprotokollen utvikla.Høgskolen i Ålesund og Helse Sunnmøre hadde nært samarbeid om dette. Søknad om å gjennomføre prosjektet vart sendt til Regional etisk komite i desember 2008. Positivt svar vart motteke 23.januar 2009. Søknad til Norsk samfunnsvitenskaplig datateneste (NSD) vil snarleg bli innsendt. Innsamling av det empiriske materialet vil starte når prosjektet har fått godkenning frå NSD.
eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT
Alle henvendelser rettes til Helse Midt-Norge RHF - Samarbeidsorganet og FFU