eRapport

The Hordaland Women's Cohort Study

Prosjekt
Prosjektnummer
911343
Ansvarlig person
Steinar Hunskår
Institusjon
Universitetet i Bergen
Prosjektkategori
Forskningsprosjekt
Helsekategori
Renal and Urogenital
Forskningsaktivitet
2. Aetiology
Rapporter
2011 - sluttrapport
Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK) vart gjennomført i åra 1997-1999. Alle innbyggarar mellom 40-45 år vart innkalla til kartlegging av risiko for hjarte-karsjukdom og ei rekke andre sjukdomstilstandar. Ei av fem kvinner som møtte vart trekt ut til å få tilbod om å vere med i Prosjekt om vanlege kvinneplager. Av dei nesten 2300 kvinnene som vart spurte om å delta i ei oppfølgjingsstudie i opptil 15 år, svara 96% ja, eit nærmast unikt resultat. Meir enn 2000 kvinner frå heile Hordaland har dermed fått nye spørjeskjema om lag annankvart år sidan. Studien held fram, men har ikkje støtte frå Helse Vest i 2011. Det er i gang ei ny datainnsamling 2011/2012. Det er publisert 4 vitskaplege artiklar frå prosjektet så langt. Prosjektet held fram i tråd med protokollen. Studien er ei epidemiologisk studie og er først og fremst til hjelp for helsearbeidarar ved at det er kartlagt frekvensar og samanhengar når det gjeld urinvegssymptom, overgangsalder og medikamsntbruk for middelaldrande kvinner i Hordaland.
2010
Prosjektet Kvinnekohorten vart starta med utgangspunkt i Helseundersøkinga i Hordaland 1997-1999. No er spørreskjemaundersøkinga gjennomført for sjuande gong, og oppslutninga er framleis rundt 90%, eit formidabelt nivå også internasjonalt. Dei 2200 kvinnene svarar på spørsmål om helsevaner, medisinbruk, overgangsalderen og urinvegssymptom.Ei gruppe på over 2200 Hordalandskvinner har i meir enn 10 år besvart spørreskjema om vanlege kvinneplager. - Ei fantastisk oppslutning på rundt 90% i innsamlingsrundane gjer undersøkinga til ei av dei leiande i verda på dette området, seier prosjektleiar og professor Steinar Hunskår ved Institutt for samfunnsmedisinske fag. Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK) vart gjennomført i åra 1997-1999. Alle innbyggarar mellom 40-45 år vart innkalla til kartlegging av risiko for hjarte-karsjukdom og ei rekke andre sjukdomstilstandar. Ei av fem kvinner som møtte vart trekt ut til å få tilbod om å vere med i Prosjekt om vanlege kvinneplager. Av dei nesten 2300 kvinnene som vart spurte om å delta i ei oppfølgjingsstudie i opptil 15 år, svara 96% ja, eit nærmast unikt resultat. Meir enn 2000 kvinner frå heile Hordaland har dermed fått nye spørjeskjema om lag annankvart år sidan. Studien er sett saman av tre delprosjekt. Mange kvinner opplever ufrivillig vannlating. Vi veit lite om korleis denne plaga utviklar seg gjennom den midtre delen av livet. For å kunne forstå utviklinga, kva som fører til større plager og legesøkning og deretter rett behandling, ønskjer vi å få vite meir om den naturlege gangen. Dette delprosjektet følgjer kvinnene med tanke på både nyoppstått og tilfriskning av urinlekkasje. Ein femdel av alle vaksne kvinner får blærekatarr minst ein gong i året. Mange får plagene ofte. Også på dette feltet veit vi altfor lite om årsakene til at kvinner har slike plager. Det andre delprosjektet har som mål å auke kunnskapen om årsaker til blærekatarr. Det siste delprosjektet gjeld legemiddelbruk. Ei rekkje kvinner i sin beste alder bruker medisinar mot ulike sjukdomar og plager, og bruken aukar sterkt etter fylte 50 år. Det kan være behandling som er strengt nødvendig, men det er og mange som bruker kosttilskott, naturlegemiddel eller urter som førebyggjande eller for å lindre mindre plager og symptom. Men ein veit for lite om konsekvensane av slik medisinbruk, både på kort og lang sikt. For å klarlegge dette vil denne delen av studien kartleggje medisinbruken hos kvinnene. Doktorgradsstipendiat David Jahanlu leverte i november 2010 inn avhandlinga si for bedømming for ph.d.-graden ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Avhandlinga består av tre delar, kvart publisert som ein artikkel i eit internasjonalt tidsskrift. Første del omtalar opprettinga av studien og viser resultata ved startpunktet. Den andre artikkel tek for seg i kva grad kvinnene utviklar urinlekkasje. Den tredje og siste artikkelen viser korleis symptoma utviklar seg med åra hos dei med nyoppstått urinlekkasje. Året 2010 er elles brukt til registrering, koding og sjekking av dei tidlegare spørreskjemaene, og alle filer er kopla saman til dei endelege analysefilene basert på dei første 10 åra. - Eg har håp og tru om jamn og god produksjon av nye og nyttige forskingsresultat i mange år framover, seier professor Steinar Hunskår, prosjektleiar for undersøkinga. I 2010 er det mellom anna utlevert data til bruk i eit doktorgradsprosjekt om hormonbehandling i overgangsalderen ved Universitetet i Oslo
2009
Prosjektet Kvinnekohorten vart starta med utgangspunkt i Helseundersøkinga i Hordaland 1997-1999. I 2009 vart spørreskjemaundersøkinga gjennomført for sjuande gong, og oppslutninga er framleis rundt 90%, eit formidabelt nivå også internasjonalt. Dei 2200 kvinnene svarar på spørsmål om helsevaner, medisinbruk, overgangsalderen og urinvegssymptom.Ei gruppe på over 2200 Hordalandskvinner har i meir enn 10 år besvart spørreskjema om vanlege kvinneplager. - Ei fantastisk oppslutning på rundt 90% i innsamlingsrundane gjer undersøkinga til ei av dei leiande i verda på dette området, seier prosjektleiar og professor Steinar Hunskår ved Institutt for samfunnsmedisinske fag. Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK) vart gjennomført i åra 1997-1999. Alle innbyggarar mellom 40-45 år vart innkalla til kartlegging av risiko for hjarte-karsjukdom og ei rekke andre sjukdomstilstandar. Ei av fem kvinner som møtte vart trekt ut til å få tilbod om å vere med i Prosjekt om vanlege kvinneplager. Av dei nesten 2300 kvinnene som vart spurte om å delta i ei oppfølgjingsstudie i opptil 15 år, svara 96% ja, eit nærmast unikt resultat. Meir enn 2000 kvinner frå heile Hordaland har dermed fått nye spørjeskjema om lag annankvart år sidan. Hausten 2009 fekk kvinnene på nytt skjema og ved årsskiftet 2009/2010 er vi inne i purrerunden, men oppslutnaden ser ut til å vere like god som før. Studien er sett saman av tre delprosjekt. Mange kvinner opplever ufrivillig vannlating. Vi veit lite om korleis denne plaga utviklar seg gjennom den midtre delen av livet. For å kunne forstå utviklinga, kva som fører til større plager og legesøkning og deretter rett behandling, ønskjer vi å få vite meir om den naturlege gangen. Dette delprosjektet følgjer kvinnene med tanke på både nyoppstått og tilfriskning av urinlekkasje. Ein femdel av alle vaksne kvinner får blærekatarr minst ein gong i året. Mange får plagene ofte. Også på dette feltet veit vi altfor lite om årsakene til at kvinner har slike plager. Det andre delprosjektet har som mål å auke kunnskapen om årsaker til blærekatarr. Det siste delprosjektet gjeld legemiddelbruk. Ei rekkje kvinner i sin beste alder bruker medisinar mot ulike sjukdomar og plager, og bruken aukar sterkt etter fylte 50 år. Det kan være behandling som er strengt nødvendig, men det er og mange som bruker kosttilskott, naturlegemiddel eller urter som førebyggjande eller for å lindre mindre plager og symptom. Men ein veit for lite om konsekvensane av slik medisinbruk, både på kort og lang sikt. For å klarlegge dette vil denne delen av studien kartleggje medisinbruken hos kvinnene. Ein doktorgradsstipendiat arbeider med data og ein metodeartikkel er publisert. No arbeider vi med forekomsten av nyoppstått urinlekkasje, der har studien vår ein detaljeringsgrad som ingen andre. Det kan vere grunnen til at presentasjonen av data frå Hordaland vart kåra til ein av dei 30 beste av over 1000 presentasjonar ved ein verdskongress i San Francisco med 3000 deltakarar hausten 2009. Året 2009 er elles brukt til registrering, koding og sjekking av dei tidlegare spørreskjemaene, og alle filer er kopla saman til dei endelege analysefilene basert på dei første 10 åra. - Eg har håp og tru om jamn og god produksjon av nye og nyttige forskingsresultat i mange år framover, seier professor Steinar Hunskår, prosjektleiar for undersøkinga.
2008
Ei gruppe på over 2000 Hordalandskvinner har i 10 år besvart spørreskjema om vanlege kvinneplager. - Ei fantastisk oppslutning på rundt 90% i kvar av dei 5 innsamlingsrundane gjer undersøkinga til ei av dei leiande i verda på dette området, seier prosjektleiar og professor Steinar Hunskår ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK) vart gjennomført i åra 1997-1999. Alle innbyggarar mellom 40-45 år vart innkalla til kartlegging av risiko for hjarte-karsjukdom og ei rekke andre sjukdomstilstandar. I tillegg svara dei som møtte, på ei rekke spørreskjema. Ei av fem kvinner som møtte vart trekt ut til å få tilbod om å vere med i Prosjekt om vanlege kvinneplager. Av dei 2300 kvinnene som vart spurte om å delta i ei oppfølgjingsstudie i opptil 15 år, svara 96% ja, eit nærmast unikt resultat. Så no har meir enn 2000 kvinner frå heile Hordaland fått nye spørjeskjema om lag annankvart år sidan, siste gong hausten 2008. Studien er sett saman av tre delprosjekt. Mange kvinner opplever ufrivillig vannlating. Vi veit lite om korleis denne plaga utviklar seg gjennom den midtre delen av livet. For å kunne forstå utviklinga, kva som fører til større plager og legesøkning og deretter rett behandling, ønskjer vi å få vite meir om den naturlege gangen. Dette delprosjektet følgjer kvinnene med tanke på både nyoppstått og tilfriskning av urinlekkasje. Ein femdel av alle vaksne kvinner får blærekatarr minst ein gong i året. Mange får plagene ofte. Også på dette feltet veit vi altfor lite om årsakene til at kvinner har slike plager. Det andre delprosjektet har som mål å auke kunnskapen om årsaker til blærekatarr. Det siste delprosjektet gjeld legemiddelbruk. Ei rekkje kvinner i sin beste alder bruker medisinar mot ulike sjukdomar og plager, og bruken aukar sterkt etter fylte 50 år. Det kan være behandling som er strengt nødvendig, men det er og mange som bruker kosttilskott, naturlegemiddel eller urter som førebyggjande eller for å lindre mindre plager og symptom. Men ein veit for lite om konsekvensane av slik medisinbruk, både på kort og lang sikt. For å klarlegge dette vil denne delen av studien kartleggje medisinbruken hos kvinnene. - Vi har no samla data i ti av dei planlagte 15 åra, og det er no tid for å starte analysene, samstundes som datainnsamlinga held fram vidare etter planen, fortel professor Steinar Hunskår. - Gjennom løyvingar frå Helse Vest og Norges forskningsråd (NFR) har vi i 2008 vidareført aktivitetane i forskingsgruppa. Det er tilsett ein stipendiat (NFR) og prosjektsekretær. Året 2008 er elles brukt til registrering, koding og sjekking av dei tidlegare spørreskjemaene. Den siste registreringa frå 2008 er klar til kobling i januar 2009. Den første vitskaplege artikkel frå prosjektet vart publisert i 2008. - Deretter har eg håp og tru om jamn og god produksjon av nye og nyttige forskingsresultat i mange år framover, seier professor Hunskår.
2007
Ei gruppe på over 2000 Hordalandskvinner har i 10 år besvart spørreskjema om vanlege kvinneplager. - Ei fantastisk oppslutning på rundt 90% i kvar av dei 5 innsamlingsrundane gjer undersøkinga til ei av dei leiande i verda på dette området, seier prosjektleiar og professor Steinar Hunskår ved Institutt for samfunnsmedisinske fag.Helseundersøkinga i Hordaland (HUSK) vart gjennomført i åra 1997-1999. Alle innbyggarar mellom 40-45 år vart innkalla til kartlegging av risiko for hjarte-karsjukdom og ei rekke andre sjukdomstilstandar. I tillegg svara dei som møtte, på ei rekke spørreskjema. Ei av fem kvinner som møtte vart trekt ut til å få tilbod om å vere med i Prosjekt om vanlege kvinneplager. Av dei 2300 kvinnene som vart spurte om å delta i ei oppfølgjingsstudie i opptil 15 år, svara 96% ja, eit nærmast unikt resultat. Så no har meir enn 2000 kvinner frå heile Hordaland fått nye spørjeskjema om lag annankvart år sidan. Studien er sett saman av tre delprosjekt. Mange kvinner opplever ufrivillig vannlating. Vi veit lite om korleis denne plaga utviklar seg gjennom den midtre delen av livet. For å kunne forstå utviklinga, kva som fører til større plager og legesøkning og deretter rett behandling, ønskjer vi å få vite meir om den naturlege gangen. Dette delprosjektet følgjer kvinnene med tanke på både nyoppstått og tilfriskning av urinlekkasje. Ein femdel av alle vaksne kvinner får blærekatarr minst ein gong i året. Mange får plagene ofte. Også på dette feltet veit vi altfor lite om årsakene til at kvinner har slike plager. Det andre delprosjektet har som mål å auke kunnskapen om årsaker til blærekatarr. Det siste delprosjektet gjeld legemiddelbruk. Ei rekkje kvinner i sin beste alder bruker medisinar mot ulike sjukdomar og plager, og bruken aukar sterkt etter fylte 50 år. Det kan være behandling som er strengt nødvendig, men det er og mange som bruker kosttilskott, naturlegemiddel eller urter som førebyggjande eller for å lindre mindre plager og symptom. Men ein veit for lite om konsekvensane av slik medisinbruk, både på kort og lang sikt. For å klarlegge dette vil denne delen av studien kartleggje medisinbruken hos kvinnene. - Vi har no samla data i ti av dei planlagte åra, og det er no tid for å starte analysene, samstundes som datainnsamlinga held fram vidare etter planen, fortel professor Steinar Hunskår. - Gjennom løyvingar frå Helse Vest og Norges forskningsråd har vi i 2007 starta oppbygginga av den forskingsgruppa som skal stå for dette arbeidet i åra framover. Det er tilsett ein stipendiat og prosjektsekretær, og vi håpar på enda ein stipendiat i 2008. Det er inngått prosjektsamarbeid med ei tilsvarande undersøking i California, og det er nedsett ei vitskapleg rådgjevingsgruppe med leiande forskarar frå Norge og utlandet for å hjelpe til med best mogeleg utnytting av datamaterialet. Går det som vi håpar, vil undersøkinga gje ei rad med interessante funn i åra som kjem, og truleg vere grunnlag for fleire doktorgradar enn dei som allereie er planlagt. Året 2007 er elles brukt til registrering, koding og sjekking av dei tidlegare spørreskjemaene, og i 2008 er planen å få kopla alle filer saman til dei endelege analysefilene basert på dei første 10 åra. Det er såleis for tidleg å komme med konkrete resultat frå undersøkinga enno, men planen er at første vitskaplege artikkel skal sendast til eit tidsskrift tidleg på året 2008. - Deretter har eg håp og tru om jamn og god produksjon av nye og nyttige forskingsresultat i mange år framover, seier professor Hunskår.
Vitenskapelige artikler
Jahanlu David, Hunskaar Steinar

Type and severity of new-onset urinary incontinence in middle-aged women: the Hordaland Women's Cohort.

Neurourol Urodyn 2011 Jan;30(1):87-92. Epub 2010 sep 21

PMID: 20860018

Gjelsvik Bjørn, Rosvold Elin O, Straand Jørund, Dalen Ingvild, Hunskaar Steinar

Symptom prevalence during menopause and factors associated with symptoms and menopausal age. Results from the Norwegian Hordaland Women's Cohort study.

Maturitas 2011 Dec;70(4):383-90. Epub 2011 okt 26

PMID: 22033103

Jahanlu David, Hunskaar Steinar

The Hordaland Women's Cohort: prevalence, incidence, and remission of urinary incontinence in middle-aged women.

Int Urogynecol J Pelvic Floor Dysfunct 2010 Oct;21(10):1223-9. Epub 2010 mai 7

PMID: 20449565

Jahanlu David, Qureshi Samera Azeem, Hunskaar Steinar

The Hordaland Women's Cohort: a prospective cohort study of incontinence, other urinary tract symptoms and related health issues in middle-aged women.

BMC Public Health 2008;8():296. Epub 2008 aug 23

PMID: 18721479

Hunskaar Steinar

A systematic review of overweight and obesity as risk factors and targets for clinical intervention for urinary incontinence in women.

Neurourol Urodyn 2008;27(8):749-57.

PMID: 18951445

David Jahanlu

The Hordaland Women's Cohort

Doktoravhandling UiB, innlevert november 2010

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest

Personvern  -  Informasjonskapsler