eRapport

Matoverfølsomhet - perifer og sentral sensitivisering

Prosjekt
Prosjektnummer
911364
Ansvarlig person
Kristine Lillestøl
Institusjon
Universitetet i Bergen
Prosjektkategori
Forskerutdanning - dr.grad
Helsekategori
Oral and Gastrointestinal
Forskningsaktivitet
2. Aetiology
Rapporter
2010 - sluttrapport
Hovudmålet var å utforske moglege underliggande mekanismar for mageplager relatert til sjølvrapportert matoverfølsamheit hjå vaksne. Eit delmål var å studere samanhengen mellom slike plager og visse psykologiske faktorar, nærare bestemt angst/depresjon og aleksithymi. Vi fann at vel 50 % av pasientane oppfylte diagnostiske kriterier for ei psykisk liding, mest vanleg angstlidingar, medan aleksithymi ikkje var hyppig førekomande. Eit anna delmål i prosjektet var å studere samanhengen mellom matrelaterte mageplager og atopisk sjukdom. Vi fann at vel 60 % av pasientane med mageplager og sjølvrapportert matoverfølsomhet hadde slike andre allergiar, fyrst og fremst høysnue. Desse atopiske pasientane hadde større grad av ”lekkasje” i tarmen enn ikkje-atopiske pasientar, og dei hadde fleire IgE-armerte mastceller i tarmslimhinna. Dette funnet er interessant med tanke på utsikter for eventuell medikamentell behandling av mageplagene. I avhandlinga er det og presentert to nye metodar for påvising av respons på direkte matvareprovokasjon lokalt i tarmen, der ultralyd og MR-teknikk vert nytta som reiskap for å måle og visualisere tarmen sin reaksjon på den aktuelle matvara. Samla sett tyder resultata på at både psykologiske og allergologiske faktorar kan spele ei rolle i det totale symptombiletet og/eller i patogenesen ved mageplager relatert til overfølsamheit for mat. Prosjektet har vore knytt til eit tverrfagleg utgreiingsteam for pasientar med sjølvrapportert matoverfølsomhet beståande av spesialistar innanfor psykiatri, psykologi, gastroenterologi, allergi og ernæring, i tillegg til fleire forskarar. Denne modellen for tverrfagleg tilnærming til pasientar med mageplager relatert til overfølsamheit for mat, også kalla "Haukelandsmodellen", kan med fordel implementerast også andre stader i helsetenestene. Funna i dette prosjektet, som hovudsakleg er knytt til allergologiske og psykologiske faktorar, syner at ei slik tverrfagleg tilnærming til denne tilstanden kan vere nyttig. I prosjektet er det elles utvikla nye diagnostiske metodar som kan vere av verdi for framtidig utredning av matrelaterte mageplager. Fleire av funna i prosjektet vil vere interessante utgangspunkt for vidare forsking og eventuelt utprøving av behandling av denne tilstanden.
2009
Sjølvrapportert matoverfølsamheit er ein svært vanleg men dårleg forstått tilstand. I dette prosjektet studerer vi moglege underliggande mekanismar for mageplager relatert til unormale reaksjonar på mat. Vi fokuserer både på psykologiske faktorar, betennelsesreaksjonar i tarmen og på samanhengen mellom matoverfølsamheit og atopisk sjukdom.Om lag 20% av befolkninga i vestlege land rapporterer plager som dei relaterer til overfølsamheit for einskilde matvarer. Problemet er at hjå berre 1-2% av desse kan matallergi påvisast med konvensjonelle diagnostiske metodar. Mekanismane for andre slags reaksjonar er framleis langt på veg ukjende. Pasientar med sjølvrapportert matoverfølsamheit har ikkje berre mageplager, men ofte også mange andre medisinsk uforklarte symptom, til dømes muskel-skjelett-plager. Truleg er både sentrale (psykologiske) og perifere (immunologiske) faktorar sentrale i utviklinga av matrelaterte plager. Resultata våre frå studier av psykologiske faktorar hjå pasientar med mageplager relatert til overfølsamheit for mat, tyder så langt på at om lag halvparten av slike pasientar oppfyller kriterier for ein psykiatrisk diagnose. Hovudsakleg gjeld dette milde angst- og depresjonslidingar. Det ser likevel ikkje ut til at det er tydeleg samsvar mellom graden av psykiske plager, og graden av andre, kroppslege uforklarlege plager. Ein artikkel om dette er akseptert for publisering, og ein annan artikkel er send inn til vurdering for publikasjon. Hovudfokus det siste året har vore på "perifere", immunologiske faktorar, og kva rolle desse kan spele i utviklinga av matrelaterte mageplager. Sjølv om IgE-mediert matallergi berre sjeldan vert diagnostisert, syner det seg nemleg at om lag 60% av dei som kjem til oss med mistanke om matallergi har andre former for allergisk sjukdom, som kan påvisast. Hyppigast har dei allergisk rhinitt ("høysnue"), men nokre rapporterer og atopisk eksem eller astma. Vi har sett nærare på samanhengen mellom slik atopisk sjukdom og ulike betennelsesmarkørar i mage-tarm-systemet. Vi har, gjennom mikroskopiundersøkingar, mellom anna funne at alike atopiske pasientar har høg førekomst av såkalla "armerte" mastceller i tynntarmsslimhinna, og dei har auka tarmpermeabilitet i høve til ikkje-atopiske pasientar. Pasientar med slik "atopisk tarm" kan såleis tenkjast å vere ei viktig undergruppe av pasientar med sjølvrapportert matoverfølsamheit, som har andre underliggande mekanisamr for mageplagene sine enn ikkje-atopiske pasientar. Ein artikkel om dette er sendt inn til tidsskrift for vurdering med tanke på publikasjon. Doktoravhandlinga knytt til prosjektet vil verte ferdigstilt i løpet av 2010.
2008
Sjølvrapportert matoverfølsomhet er ein svært vanleg men dårleg forstått tilstand. I dette prosjektet studerer vi mulege underliggande mekanismar for mageplager relatert til unormale reaksjonar på mat. Vi fokuserer både på psykologiske faktorar, betennelsesreaksjonar i tarmen og på samanhengen mellom matoverfølsomhet og andre former for allergi.Så mange som 15-20% av befolkninga i vestlege land rapporterer plager som dei relaterer til overfølsomhet for spesifikke matvarer. Problemet er at hjå berre 1-2% av desse kan matallergi påvisast. Mekanismane for andre slags reaksjonar er framleis langt på veg ukjende. Til no i prosjektet har vi hatt fokus på "sentral sensitivisering", og vi har studert psykologiske faktorar hjå pasientar med matoverfølsomhet. Resultata så langt tyder på at om lag halvparten av pasientane som vert undersøkt for mageplager relatert til overfølsomhet for mat, oppfyller kriterier for ein psykiatrisk diagnose. Hovudsakleg er dette milde angst- og depresjonslidingar. Ein artikkel om dette er sendt inn til vurdering for publikasjon, og ein ny artikkel om andre psykologiske faktorar vi har studert er under arbeid. Hovudfokus i resten av prosjektperioden vil vere på "perifer sensitivisering", med andre ord på mulege mekanismar for matoverfølsomhet lokalt i mage-tarm-systemet. Vi har funne at over halvparten av pasientane som kjem til oss med mistanke om matallergi også har andre former for allergi, til dømes høysnue og husdyrallergi, sjølv om matallergi ikkje kan påvisast. Denne samanhengen vil vi no studere nærare, mellom anna gjennom mikroskopiundersøkingar av ulike betennelsesceller (særleg mastceller) i tarmslimhinna, og ved analyser av betennelsesmarkørar i tarmskyllevæske hjå allergiske vs ikkje-allergiske pasientar. Hypotesen vår er at pasientar med annan allergi kan ha andre underliggande mekanismar for dei matrelaterte mageplagene sine enn pasientar som ikkje har allergisk disposisjon i det heile. I tillegg trur vi det kan vere muleg å påvise allergiske reaksjonar, eller disposisjon for slike, lokalt i tarmen hjå fleire pasientar med matoverfølsomhet enn det som hittil har vore gjort, sjølv om rutinemessig allergiutredning med blodprøver og hudprikktest gjev negativt utslag. Til slutt vil vi og sjå nærare på om der kan vere ein samanheng mellom sentral og perifer sensitivisering ved matoverfølsomhet, gjennom å studere eventuelle assosiasjonar mellom psykologiske faktorar og nivå av allergi- og betennelsesmarkørar i tarmen og elles i kroppen. Våre inntrykk så langt tilseier at psykologiske, immunologiske og andre overfølsomhetsmekanismar i mange tilfelle samverkar i utviklinga av unormale reaksjonar på mat, men vi avventar resultat frå fleire pågåande studier. Doktoravhandlinga knytt til prosjektet vil venteleg verte ferdigstilt i løpet av 2009.
2007
Sjølvrapportert matoverfølsomhet er ein svært vanleg men dårleg forstått tilstand. I dette prosjektet studerer vi mulege underliggande mekanismar for slike unormale reaksjonar på mat. Vi fokuserer både på psykologiske faktorar, betennelsessreaksjonar i tarmen og på samanhengen mellom matoverfølsomhet og andre former for allergi.Så mange som 15-20% av befolkninga i vestlege land rapporterer plager som dei relaterer til overfølsomhet for spesifikke matvarer. Problemet er at hjå berre 1-2% av desse kan allergi påvisast, medan mekanismane for andre slags reaksjonar langt på veg er ukjende. Resultat frå våre studier så langt tyder på at psykologiske faktorar ofte spelar ei rolle anten i utvikling av matoverfølsomhet, og/eller som følgjer av slike reaksjonar. Vi har gjort ein brei kartleggingsstudie av 130 pasientar med mageplager relatert til overfølsomhet for mat. Der har vi funne at om lag halvparten av pasientane vi undersøkjer oppfyller kriteriene for ein psykiatrisk diagnose; i fyrste rekkje angstlidingar. Visse personlegdomstrekk ser og ut til å vere overrepresentert i denne pasientgruppa samanlikna med den generelle befolkninga, og dei rapporterer dårleg helse-relatert livskvalitet. Resultat frå den fyrste studien omkring personlegdom og psykopatologi er ferdigstilte for publikasjon, og ein oppfølgingsstudie er under oppstart (januar 2008). Vi er også i gong med mikroskopi-undersøking av ulike betennelsesceller i tolvfingertarmen hjå dei same pasientane, og skal sjå på eventuelle skilnader mellom undergrupper i pasientmaterialet. I tillegg arbeider vi med å utvikle og prøve ut nye metodar for diagnostikk av ulike former for matoverfølsomhet, og har etablert samarbeid med andre nordiske institusjonar om dette. Særleg er vi opptekne av å utvikle såkalla provokasjonstestar. Der søkjer ein under kontrollerte omstende å reprodusere pasienten sine plager med å eksponere han for den mistenkte symptomutløysande matvaren, og deretter å kunne måle dette på ein mest muleg objektiv måte. Våre inntrykk så langt tilseier at psykologiske, immunologiske og andre overfølsomheitsmekanismar i mange tilfelle samverkar i utviklinga av unormale reaksjonar på mat, men vi avventar resultat frå fleire pågåande studier.
Vitenskapelige artikler
Lind Ragna, Lied Gülen Arslan, Lillestøl Kristine, Valeur Jørgen, Berstad Arnold

Do psychological factors predict symptom severity in patients with subjective food hypersensitivity?

Scand J Gastroenterol 2010 Aug;45(7-8):835-43.

PMID: 20433401

Lied G Arslan, Lillestøl K, Valeur J, Berstad A

Intestinal B cell-activating factor: an indicator of non-IgE-mediated hypersensitivity reactions to food?

Aliment Pharmacol Ther 2010 Jul;32(1):66-73. Epub 2010 mar 26

PMID: 20353497

Lillestøl K, Helgeland L, Arslan Lied G, Florvaag E, Valeur J, Lind R, Berstad A

Indications of 'atopic bowel' in patients with self-reported food hypersensitivity.

Aliment Pharmacol Ther 2010 May;31(10):1112-22. Epub 2010 feb 16

PMID: 20163379 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Lillestøl Kristine, Berstad Arnold, Lind Ragna, Florvaag Erik, Arslan Lied Gülen, Tangen Tone

Anxiety and depression in patients with self-reported food hypersensitivity.

Gen Hosp Psychiatry 2010 Jan-Feb;32(1):42-8. Epub 2009 okt 1

PMID: 20114127 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Lind R, Lillestøl K, Valeur Jørgen, Eriksen H R, Tangen T, Berstad A, Arslan Lied G

Job stress and coping strategies in patients with subjective food hypersensitivity.

Scand J Psychol 2010 Apr;51(2):179-84. Epub 2009 nov 27

PMID: 19961557

Lillestøl K, Lind R, Berstad A Lied GA, Tangen T

Alexithymia in patients with self-reported food hypersensitivity

Submitted 2010, del av avhandling

Lillestøl K, Berstad A, Lind R, Florvaag E, Lied GA, Tangen T.

Anxiety and depression in patients with self-reported food hypersensitivity

General Hospital Psychiatry, Epub 2009

Lillestøl K, Helgeland L, Florvaag E, Lied GA, Lind R, Valeur J, Berstad A

Indications of 'atopic bowel' in patients with irritable bowel syndrome

Gut 2009;58 (Suppl. II):A20-A20

Lied GA, Lillestøl K, Valeur J, Berstad A

Potential role of B-cell activating factor in non-IgE-mediated hypersensitivity reactions to food

Gut 2009;58 (Suppl. II):A116-A116

Valeur J, Lillestøl K, Morken MH, Norin E, Midtvedt T, Berstad A

Symptoms and rectal fermentation products in response to lactulose challenge in patients with irritable bowel syndrome

Neurogastroenterology and Motility 2009;21 (Suppl. I):83-83

Lillestøl K, Berstad A, Lind R, Florvaag E, Tangen T

Anxiety and depression in self-reported food hypersensitivity

Abstract til europeisk kongress i psykosomatisk medisin, Zaragoza juni 2008.

Valeur J, Øines E, Morken MH, Lillestøl K, Lind R, Vaali K, Milde AM, Holst JJ, Helle KB, Berstad A.

Neuroendocrine biomarkers of symptomatic carbohydrate malabsorption.

Neurogastroenterol Motil 2008; 20 (suppl 2): 138.

Lillestøl K, Berstad A, Lind R, Florvaag E, Tangen T

Anxiety and depression in patients with self-reported food hypersensitivity.

Artikkel submitta 2008.

Lind R, Lillestøl K, Valeur J, Eriksen HR, Tangen T, Berstad A, Lied GA.

Subjective food hypersensitivity: Job stress and coping strategies.

Artikkel submitta 2008.

Lillestøl K, Berstad A, Tangen T

Personlegdom og psykopatologi ved sjølvrapportert matoverfølsomhet

Abstract, årsmøte i Norsk Gastroenterologisk Forening, Lillehammer 2007

Doktorgrader
Kristine Lillestøl

Self-reported food hypersensitivity with gastrointestinal symptoms: Allergological and psychological factors

Disputert:
november 2010
Hovedveileder:
Arnold Berstad

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest

Personvern  -  Informasjonskapsler