eRapport

Safe & Sound - Output settings in obstetric ultrasound

Prosjekt
Prosjektnummer
911533
Ansvarlig person
Ragnar Kvie Sande
Institusjon
Helse Bergen HF
Prosjektkategori
Forskerutdanning - dr.grad
Helsekategori
Reproductive Health and Childbirth
Forskningsaktivitet
4. Detection and Diagnosis
Rapporter
2013 - sluttrapport
The International Society of Ultrasound in Obstetrics and Gynecology (ISUOG), the World Federation for Ultrasound in Medicine and Biology (WFUMB), the European Federation of Societies for Ultrasound in Medicine and Biology (EFSUMB) samt fleire andre beslekta organisasjonar har alle publisert retningslinjer for trygg bruk av ultralyd(5). Der tidlegare retningslinjer har anbefalt at ein held seg under Termisk Index (TI, eit mål på ultralyd energieksponering) 1,0 for mesteparten av ei obstetrisk ultralydundersøking, tilrår ein no å bruke den lågaste intensiteten som gjev fullgode undersøkingar. Kva er det beste nivået for ultralyd intensitet og TI som gjev oss gode undersøkingar utan å eksponere fosteret for unødig mykje ultralyd? Dette har vi forsøkt å svare på i Safe and Sound studien. I ein serie på tre artiklar såg vi på om redusert ultralyd intensitet førte til endringar i klinisk relevante ultralydmålingar. Vi fann at det å redusere ultralyd energieksponeringa frå det som gjev TI 1,0 til TI 0,1 ikkje hadde nokon klinisk relevant effekt på lengdemålingar i eit 2D gråskalabilde eller på blodstraumsmålingar med Doppler. Ut frå dette tilrådde vi at TI 0,1 vert brukt som utgangspunkt for ultralydundersøkingar. Ultralyd er ein viktig del av moderne spesialisert svangerskapsomsorg, det er godt dokumentert at ultralydovervaking av risikosvangerskap betrar fødselsutkomet. Ingen alvorlege skadelege effektar av ultralyd er påvist i studie på menneske, og det er ingen grunn til å råde frå ultralyd i dei tilfella der dette er klinisk indisert. Av hensyn til tryggheit bør vi likevel ha eit bevisst forhald til ultralyd intensitet, og bruke den minste intensiteten som gjev oss den informasjonen vi treng til å ta våre kliniske avgjerder. Høgare intensitet vil gje eit sterkare reflektert ultralydsignal, eit meir hensiktsmessig høve mellom signal og støy og potensielt eit betre ultralydopptak. Denne gevinsten er imidlertid mindre enn ein kunne tenke seg; utrekningar gjort i forkant av auken i tillaten intensitet i 1991 tydde på at ein auke i intensitet på 100% ville kunne gje ei maksimal betring på 5% i bildekvalitet. Det er ingen motsetnad mellom å ha eit aktivt forhold til ultralyd intensitet og å gjere gode ultralydopptak. Tvert i mot kan eit aktivt forhold til innstillingane på ultralydmaskina resultere i at ein får utnytta potensialet i denne betre. Ut frå resultata i vår studie ser det ut til at ein i dei fleste tilfella kan gjere fullgode målingar med intensiteten redusert til ein tidel av det som er vanleg i dag. Vi anbefaler at ein brukar dette som utgangspunkt, og skrur opp når det er nødvendig på grunn av særleg vanskelege undersøkingsforhold.
2012
Det er ei utbreidd misforståing at ultralyd er trygt. Ultralyd kan vere svært skadeleg, og potensialet for skade heng nøye saman med energinivået. Moderne ultralydmaskiner brukar 7-8 gonger høgare energi enn maskinene som var i bruk på 80-talet, då ein gjorde dei fleste undersøkingane som evaluerte mulege skader frå ultralyd på foster.I vår studie har vi skrudd ned igjen energien for å sjå korleis det påverkar målingane. Vi har undersøkt 127 gravide med ultralyd og gjort målingar som er vanlege i den spesialiserte svangerskapsomsorga. Dette inkuderte både vanlege lengdemål og blodstraumsmålingar ved hjelp av Dopplereffekten. Vi gjorde desse målingane fyrst med den vanleg brukte energien. Deretter gjentok vi målingane med halvparten av den opprinnelege energien og til slutt med ein tidel av den vanleg brukte energien. Alle målingane vart gjort tre gonger. Deretter samanlikna vi målingane gjort med ulike energinivå for å sjå om det var systematiske endringar i målingane. Vi såg også på om det var andre faktorar som påverka målingane, slik som val av ultralydhode og avstanden frå ultralydhodet og ned til fosteret. Vi undersøkte både effektar på måleverdien og på målevariasjonen. Ein kan tenke seg at dersom målingar gjort med lågare energi var mindre presise, ville dette kunne resultere i at mange målingar gjort med lågare energi kunne kome ut med same gjennomsnittsverdi, men med større spredning i verdiane. Kvinnene vart undersøkte i perioden april 2010 til mars 2011, etter dette har vi analysert data og skrive artiklar basert på resultata. Vi fann at det ikkje var nokon effekt av energinivå når vi målte blodstraumsfart med Doppler. Derimot fann vi at desse målingane vart påverka i betydeleg grad av både val av ultralydhode og avstanden frå ultralydhodet og ned til fosteret. For lengdemåla fann vi at det var ein effekt av eneginivå, denne var imidlertid for liten til å ha noko betydning. Det var ingen effekt av energinivå på målevariasjonen for nokon av undersøkingane. Vi konkluderer med at målingane vi her har gjort kan gjerast like bra med energien skrudd ned til ein tidel av det som er vanleg å bruke i dag, og at dette, av sikkerheitshensyn, bør vere utgangspunktet for slike undersøkingar. I 2012 fekk vi elektronisk publisert ein artikkel i Ultrasound in medicine and biology, eit godt internasjonalt tidsskrift. Dette kjem i tilegg til artikkelen vi fekk publisert i 2011, og vi har ein tredje artikkel inne med mindre endringar, som vi reknar med å få endeleg godkjend i løpet av kort tid. På tampen av 2012 har vi også starta med samanskriving og førebuing til doktordisputasen som vi reknar med skal vere i mai 2013.
2011
Ultralyd vert rekna for å vere trygt, eindel undersøkingar peikar likevel mot mulege skadelege effektar. I denne studien ser vi på om vi kan redusere denne risikoen ved å redusere energien som vert brukt under undersøkingane.Ultralyd vert rekna for ei trygg undersøking, og vert i stadig større grad nytta til å undersøke barn i mors liv. Studiene som vi baserer oss på når vi antar at ultralyd er trygt, er imidlertid av noko eldre dato. Dagens praksis er endra på fleire punkt i forhold til dette, mellom anna er det tillatt med høgare energi, vi brukar i større grad energikrevande modaliteter som Doppler, og vi undersøker foster på eit tidlegare tidspunkt i svangerskapet enn før. I denne studien ynskjer vi å undersøke om vi kan gjere målingar som gjev nødvendig informasjon dersom vi reduserer energien betydeleg i forhold til dagens praksis. Vi har gjort ei serie målingar på ca 100 foster, frå 12 til 36 veker. Vi har gjort både vanlege lengdemål og blodstraumsmålingar med Doppler. Vi har gjort målingane fyrst med vanleg brukt energi, deretter har vi gjentatt dei same måla med 50 % og 10 % av den vanlege energien. Deretter har vi analysert om det er systematiske endringar i måla når vi reduserer energien. Vi har så langt publisert ein artikkel der vi viser at ved Dopplermålingar i veke 12 kan energien reduserast til 10 % av vanleg brukt nivå og ein kan likevel få fullgode målingar. Vi planlegg å sjå vidare på om desse funna kan overførast på Dopplermålingar i resten av svangerskapet og på vanlege lengdemål gjort i eit gråskalabilde.
2010
Ultralyd av gravide vert rekna for å vere trygt. Studier frå 80-talet har ikkje vist skadelege effektar. Imidlertid vart høgste tillatne energi heva i 1997, og etter dette er det ikkje gjort slike studier. I lys av dette ynskjer vi å finne ut om vi kan redusere energien ved ultralyd av gravide og likevel oppnå klinisk likeverdige resultat.I 1977 – 1992 vart det utført ei rekke studier som ikkje påviste nokon skadeleg effekt av ultralyd på foster. Unntaket var professor Salvesen som fann ein svak men statistisk signifikant samanheng mellom eksposisjon for ultralyd og keivhendheit hos gutar. Denne samanhengen har seinare vore bekrefta i to andre studier. I 1997 vart høgste tillatne energi ved ultralyd heva frå 100 til 720 mW/cm2. Samtidig vart det bestemt at alle ultralydmaskiner som kunne generere over 100 mW/cm2 skulle vise Termisk Index og Mekanisk Index på skjermen ved bruk. Desse indexane er meint å seie noko om risiko for henholdsvis varmeskade og mekanisk skade på vev under bruk. Det er anbefalt at ein held seg under 1,0 for begge desse indexane under bruk på gravide. Ein ny studie frå Nederland har imidlertid vist at ein ofte går over desse grensene ved klinisk bruk, særleg ved blodstraumsmålingar med Doppler. Ein studie på mus har vist at ein kan sjå endringar i måten nerveceller bevegar seg under utvikling av hjernen i fosterlivet hos mus som hadde blitt utsett for ultralyd. Energinivået musene vart utsett for var det same som vi brukar ved ultralyd på gravide kvinner, men musene vart utsett for ultralyd over mykje lenger tid. Dette er særleg interessant i lys av professor Salvesen sine funn. Vi planlegg å undersøke 100 gravide delt i fem grupper a 20 kvinner med svangersapslengde henholdsvis 12, 18, 24 og 36 veker. Vi vil undersøke med vanleg anbefalt energi, TI 1,0 og med redusert energi, TI 0,5 og 0,1. Deretter vil vi samanlikne resultata for dei ulike energinivåa for å kartlegge om ein kan få klinisk like gode resultat med lågare energi. I løpet av 2010 har vi rekruttert og undersøkt 80 av dei planlagde 100 gravide. Foreløpige analyser av 40 gravide undersøkt i veke 12 er lovande, og resultat frå denne analysen er godkjent som poster til MedViz konferansen i Bergen i januar 2011.
Vitenskapelige artikler
Sande Ragnar Kvie, Matre Knut, Eide Geir Egil, Kiserud Torvid

The effect of ultrasound output level on obstetric biometric measurements.

Ultrasound Med Biol 2013 Jan;39(1):37-43. Epub 2012 okt 15

PMID: 23078999 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Sande Ragnar K, Matre Knut, Eide Geir E, Kiserud Torvid

The effects of reducing the thermal index for bone from 1.0 to 0.5 and 0.1 on common obstetric pulsed wave Doppler measurements in the second half of pregnancy.

Acta Obstet Gynecol Scand 2013 Jul;92(7):790-6. Epub 2013 mar 21

PMID: 23418900 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Sande R K, Matre K, Eide G E, Kiserud T

Ultrasound safety in early pregnancy: reduced energy setting does not compromise obstetric Doppler measurements.

Ultrasound Obstet Gynecol 2012 Apr;39(4):438-43. Epub 2012 mar 12

PMID: 22102527 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Sande RK, Matre K, Eide GE, Kiserud T

The effect of ultrasound power level on obstetric biometric measurements

Abstract book NFOG congress Bergen

Sande RK, Matre K, Eide GE, Kiserud T

The effect of reduced level of ultrasound power level on obstetric biometric measurements

Abstract book ISUOG world congress København

Doktorgrader
Ragnar Kvie Sande

PhD

Disputert:
juni 2013
Hovedveileder:
Torvid Kiserud
Deltagere
  • Torvid Kiserud Hovedveileder
  • Ragnar Sande Ph.d.-kandidat

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest

Personvern  -  Informasjonskapsler