eRapport

Routine outcome measurement (ROM) in naturalistic settings: An in-depth study of the patients’ perspective on clinical innovations in mental health

Prosjekt
Prosjektnummer
912032
Ansvarlig person
Stig Magne Solstad
Institusjon
Helse Førde HF
Prosjektkategori
Doktorgradsstipend
Helsekategori
Mental Health
Forskningsaktivitet
5. Treatment Developement, 6. Treatment Evaluation
Rapporter
2021 - sluttrapport
Kliniske tilbakemeldingssystem har blitt inkludert i nasjonale retningslinjer og tilrådingar for både psykisk helse og rusbehandling, både i Noreg og andre land. Tidlegare forsking har hovudsakleg omhandla statistiske effektar av kliniske tilbakemeldingssystem. Det har vore lite fokus på korleis slike system blir brukt i praksis, korleis dei blir opplevd, og kva som eventuelt gjer dei nyttige Dette prosjektet hadde som hovudmålsetjing å samanfatte og utvide kunnskapen vår om korleis slike system vert brukt og opplevd av pasientar. Denne målsetjinga bestod av to delmålsetjingar: 1) Å oppsummere og samanfatte tidlegare forsking. Dette målet var oppnådd med fyrste artikkel, som er ein systematisk litteraturgjennomgang og kvalitativ metaanalyse av tidlegare studier av pasientars opplevingar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern. Artikkelen inneheld både ei samanfatning av funna, og ei evaluering av metodikk og kvalitet på tidlegare studier. 2) Å tilføre ny og klinisk anvendeleg kunnskap til feltet ved å bruke ein meir krevjande og djuptgåande metode enn tidlegare studier. Dette målet vart oppnådd ved å utføre ei videoassistert intervjustudie med 12 pasientar frå ein lokal poliklinikk. Videopptak av terapitimar vart brukt til å fremje pasientars hukommelse og innleving. Dette gjorde det mogleg å gå meir i djupna og i detalj enn det tidlegare studier på dette området har gjort. Resultata er skildra i dei to siste artiklane i prosjektet. Desse studiene er samanfatta i avhandlinga, som vart utgjeve i september i år, i samband med at Solstad disputerte for doktorgrad ved Universitetet i Bergen. Disputasen fann stad 30. september 2021 og vart bestått. Prosjektet oppnådde hovudmålsetjinga. Kort oppsummert er konklusjonen at pasientar har både positive og negative erfaringar med kliniske tilbakemeldingsysstem i psykisk helsevern. Kliniske tilbakemeldingssystem kan forbetre behandling, til dømes ved å styrke kommunikasjonen mellom behandlar og pasient, og identifisere viktige terapeutiske tema. Men, dei kan også vere til hinder for god behandling, spesielt dersom pasientar ikkje får nok informasjon om føremålet med slike system, eller dersom dei ikkje ser nokon nytteverdi av slike system. I avhandlinga vert implikasjonane for klinisk praksis og vidare forsking på dette området diskutert. Det vert gjeve eksempel på god og dårleg bruk, og tilrådingar for korleis klinisk tilbakemelding kan gjerast nyttig for pasientar. Eit hovudpoeng er at behandlarar og pasientar bør få friheit til å bruke klinisk tilbakemelding på ein fleksibel og individuelt tilpassa måte. Prosjektet er gjennomført i klinisk praksis, og gjev konkrete eksempel og råd for korleis kliniske tilbakemeldingssystem kan og bør brukast i klinisk praksis. For leiarar og politikarar er desse funna nyttige for utforming av retningslinjer og tilrådingar, samt planlegging og implementering av kliniske tilbakemeldingssystem. For forskarar er desse funna nyttige for å vidareutvikle forståinga av kliniske tilbakemeldingssystem som fenomen, og for planlegging av vidare forsking på dette området. For behandlarar og pasientar er funna nyttige for å gjere kliniske tilbakemeldingssystem nyttige i kvar einskild terapi.
2020
Doktorgradsprosjektet nærmar seg slutten. Dei to siste artiklane i doktorgraden vart publiserte i 2020, og arbeidet med kappeskrivinga er godt i gang. Avhandlinga vil etter planen bli sendt til Universitetet i Bergen i starten av 2021, med plan om disputas i løpet av våren 2021.2020 vart eit produktivt år for dette doktorgradsprosjektet, sjølv om det vart prega av COVID-19 pandemien. Ambisjonen etter 2019 var å disputere i løpet av 2020, men arbeidet med å ferdigstille dei siste artiklane vart noko forsinka på grunn av forlenga ventetider for fagfellevurdering hos dei vitskaplege tidsskrifta. Progresjonen har likevel vore god, og prosjektet vil bli ferdigstilt innanfor den opprinnelege tidsramma (desember 2021). Dette doktogradsprosjektet består av tre artiklar om pasientars opplevingar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern. Den fyrste artikkelen, "Patients’ experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems: A systematic review and synthesis of qualitative empirical literature", er ein litteraturgjennomgang og kvalitativ metasyntese av tidlegare forskning på området. Den vart publisert i 2017, i nivå 2-tidsskriftet Psychotherapy Research. Dei to neste artiklane er empiriske artiklar, og bruker datamaterialet frå ei kvalitativ intervjustudie med 12 pasientar frå ein poliklinikk i Helse Førde. Dei vart påbegynte i 2019, og ferdigstilte og publiserte i 2020. Den fyrste empiriske artikkelen, "Complexity and potentials of clinical feedback in mental health: an in‑depth study of patient processes" vart publisert i juni, i nivå 2-tidsskriftet Quality of Life Research. Artikkelen er fritt tilgjengeleg på nett for alle lesarar ("open access"). Medforfattarar er Gøril Solberg Kleiven og Christian Moltu, begge frå Helse Førde. Artikkelen omhandlar pasientars opplevingar med å svare på eit klinisk tilbakemeldingssystem og diskuterer korleis ein gå fram for å forstå resultata frå eit klinisk tilbakemeldingssystem saman med pasientane. Den andre empiriske artikkelen, "Clinical dilemmas of routine outcome monitoring and clinical feedback: A qualitative study of patient experiences" vart publisert i juli, i nivå 2-tidsskriftet Psychotherapy Research. Medforfattarar er Gøril Solberg Kleiven og Christian Moltu frå Helse Førde, og Louis Georges Castonguay frå The Pennsylvania State University. Artikkelen omhandlar pasientars opplevingar med bruk av kliniske tilbakemeldingssystem i terapisamtalar og diskuterer korleis ein gå fram for å gjere kliniske tilbakemeldingssystem nyttige for både pasientar og behandlarar. Etter publikasjonen av dei to siste artiklane har det vore fullt fokus på å skrive kappa til doktorgradsavhandlingen. Arbeidet har god progresjonen, og avhandlingen vil etter planen bli ferdigstilt i starten av 2021, med disputas i løpet av våren 2021.
2019
Doktorgradsprosjektet har hatt stor framgang. Datainnsamling er ferdigstilt, analysar er gjennomført og Solstad har skreve to artiklar basert på desse.Solstad har i 2019 ferdigstilt innsamling av data. Det siste intervjuet vart gjennomført i februar 2019. Etter dette har han transkribert og gjennomført analysar av datamaterialet, samt gjennomført analyseseminar med hovudveiledar og medforskar. Resultatet av analyseseminaret var to utkast til vitskaplege artiklar. Den fyrste av desse er sendt til tidsskrift, kome tilbake med kommentarar, og er nettopp sendt tilbake til tidsskriftet. Det er gode sjansar for at den blir akseptert og publisert våren 2020. Den andre artikkelen er snart klar for utsending til tidsskrift. Etter dette er planen å skrive kappe og deretter sende doktorgraden til Universitetet i Bergen for godkjenning. Dersom alt går etter planen kan Solstad disputere i løpet av 2020, eller tidleg i 2021.
2018
2018 har vore eit roleg år i dette prosjektet. Eg har gjennomført totalt 14 intervju med 7 pasientar og tatt dei siste 6 studiepoenga som trengs i Ph.D-programmet. Det har vore noko forskingsformidling i form av lokale førelesingar og populærpsykologiske tekstar.2017 var eit år med mykje forskingsaktivitet: publisering av den fyrste artikkelen, deltaking og presentasjon på nasjonale og internasjonale konferansar, gjennomføring av metodefag på doktorgradsnivå, og datainnsamling i form av intervju. 2018 har vore rolegare. Eg har ikkje delteke på nasjonale eller internasjonale konferansar, men fokusert på datainnsamling og gjennomføring av dei siste studiepoenga i doktorgraden. Planen var å ferdigstille datainnsamlinga i 2018. Eg greide å rekruttere 7 nye deltakarar og gjennomføre 14 intervju, men det gjenstår framleis å rekruttere 4 deltakarar. Eg har tatt til saman 6 studiepoeng: 3 poeng i metode fag, 1 poeng for midtvegsevaluering, og 2 poeng for valfrie kurs. Dette betyr at eg no har tatt alle studiepoenga som trengs i doktorgraden. Desse studiepoenga kan eg også bruke som kurs i søknaden om spesialisering i voksenpsykologi. I september skifta eg arbeidsplass til døgnavdeling for ungdom (UPH) i Førde for å ta den siste delen av klinisk praksis i samband med spesialiseringa. Forskingsformidlinga dette året har hovudsakleg bestått av lokale førelesingar innanfor helseføretaket. Temaet vore forsking i klinisk praksis. Førelesingane innehaldt presentasjon av mitt og andre doktorgradsprosjekt i helseføretaket, samt diskusjonar om korleis ein kan kombinere forsking og klinisk praksis ("practice based research"). I tillegg har eg også fått publisert fem kortare tekstar i ulike tidsskrift (bl.a Tidsskrift for Norsk Psykologforening og Bergens Tidende) med populærpsykologiske tema (t.d om korleis ein kan trene på å skrive journal, og kva haldningar ein bør ha til postkort). Planen for 2019 er å ferdigstille datainnsamlinga og kome i gang med artikkelskriving så fort som mogleg. Det er også planlagt eit analyseseminar i 2019 der målet er å ferdigstille den kvalitative analysa som skal vere utgangspunkt for resultata i artiklane.
2017
Helse Førde har utvikla og implementert eit klinisk tilbakemeldingssystem (NORSE). Stipendiat Stig Magne Solstad er tilsett som psykolog i eit seksårig dobbeltkompetanseløp, og forskar på pasientars opplevingar av NORSE. 2017 var andre fullverdige år av prosjektet. Prosjektet har no resultert i ein artikkel og Solstad har starta med datainnsamling.Solstad har halde fram med å jobbe 50% klinisk og 50% med forsking. Han har fullført eit halvt årsverk på allmennpsykiatrisk døgnpost og jobbar for tida ved akuttpsykiatrisk døgnpost i Førde. Han vil jobbe der fram til september 2018 og vil deretter gå over i barnepraksis. Han tek sikte på å søke om spesialisering i 2020. Våren 2017 fekk Solstad, Moltu og Castonguay publisert artikkelen "Patients’ experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems: A systematic review and synthesis of qualitative empirical literature" i det anerkjente tidsskriftet Psychotherapy Research. Artikkelen er ei metasyntese (kvalitativ metaanalayse) av forsking på pasientars opplevingar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern. Den vil danne grunnlaget for kappa i Solstad sin doktorgrad. Artikkelen vart presentert på Psychotherapy Research sin europeiske konferanse i Oxford hausten 2017. Solstad har også delteke på tidsskriftet sin amerikanske konferanse i Toronto i sommaren 2017. Solstad har ellers hatt vitskaplege presentasjonar ved PROM-konferansen i Bergen, og under forskingsdagane i Førde. Presentasjonane har gitt til saman fire studiepoeng som vert nytta i doktorgraden. Solstad har elles teke 10 studiepoeng i høvesvis metode og fagspesifikke emner ved Universitetet i Bergen og Universitet i Agder. Solstad har no starta med datainnsamling. Han har gjennomført ni kvalitative intervju med fem informantar og jobbar stadig med å rekruttere fleire. Planen er å ferdigstille datainnsamlingsprosessen i løpet av 2018 og starte arbeidet med å skrive dei empiriske artiklane i doktorgraden, med sikte på innsending til vitskaplege tidsskrift i løpet av 2019. I tillegg til artiklane tilknytta eige prosjekt samarbeidar Solstad med to andre stipendiatar, som nyttar same intervjumetode (IPR), om å gjere ei studie på pasientars erfaringar med å bruke denne intervjumetoden.

Prosjektet vert gjennomført av deltakarar i ei forskingsgruppe som inneheld brukarrepresentantar. Både planlegging og gjennomføring av prosjektet vert jamnleg diskutert i forskingsgruppa. Prosjektet er ei kvalitativ intervjustudie om pasientars opplevingar av helsetenester og formålet med prosjektet er såleis å formidle brukarperspektiv på helsetjenester.

2016
Helse Førde har utvikla og implementert eit klinisk tilbakemeldingssystem (NORSE). Stipendiat Stig Magne Solstad er tilsett som psykolog i eit seksårig dobbeltkompetanseløp, og forskar på pasientars opplevingar av NORSE. Han har gjennomført fyrste år og nådd viktige milepælar, blant anna skrive sin fyrste artikkel.Rutinemessig måling av utkomme og kliniske tilbakemeldingssystem (ROM/CF) er ei viktig nyvinning innanfor psykiske helsetenester. Føremålet er å undersøke effekten og forbetre kvaliteten av tenestene. Dette gjer ein ved å jamnleg samle inn informasjon frå pasientar om deira psykiske helse og opplevingar av behandlinga. Informasjonen vert samla inn ved hjelp av standardiserte, elektroniske spørjeskjema, vanlegvis ein gang i veka. Det er store og internasjonale forskingsmiljø på dette området, og det er godt dokumentert at ROM/CF aukar effekten og kvaliteten på psykiske helsetjenester, spesielt for pasientar som syner lite tilfriskning eller forverring. Helse Førde har utvikla og implementert sitt eige system for ROM/CF. Systemet er kalla NORSE og har vekt merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Helse Førde har, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, tilsett tre doktorgradsstipendiatar for å forske på implementeringa av NORSE. Stig Magne Solstad er ein av desse. Han er tilsett som psykolog i dobbeltkompetanseløp, og hans prosjekt vil undersøke pasientars opplevingar med bruk av ROM/CF. Sjølv om ROM/CF har vore forska mykje på, har dette hovudsakleg vore kvantitative studier som har undersøkt kor vidt ROM/CF har effekt på gruppenivå. Det fins lite kunnskap om korleis pasientar opplever slike verktøy, og kva prosessar som er til hjelp eller hinder. Solstad vil rekruttere terapeutar og pasientar som vil la seg videofilme. Videoopptaka vil bli nytta til å intervjue pasientane om korleis dei opplever at informasjonen frå ROM/CF vert nytta i terapisamtalar, og korleis ROM/CF påverkar deira tilfriskingsprosessar. Intervjua vil deretter bli transkriberte og analyserte for å finne gjennomgåande tema. Formålet er å skildre både positive og negative opplevingar, som kan nyttast til å forbetre bruken av ROM/CF i psykiske helsetjenester. Solstad har no gjennomført fyrste år av doktorgradsprosjektet. Han jobbar 50% klinisk og 50% med forsking, men har likevel nådd viktige milepælar: - Utforma forskingsprotokoll - Delteke på internasjonale forskingskonferansar i USA - Fått opptak ved doktorgradsskulen CDP ved Universitetet i Bergen og tatt 15 studiepoeng i bl.a vitskapsteori. Han har planlagt ytterlegare studiepoeng i 2017. - Fått godkjenning av REK og lokalt personvernombod til å starte rekruttering av informantar og innsamling av data. Rekruttering og innsamling vil ta til i fyrste del av 2017. - Sendt inn fyrste artikkel til eit leiande amerikansk tidsskrift for psykoterapiforsking. Artikkelen er ei metasyntese (kvalitativ litteraturgjennomgang) om pasientars opplevingar av ROM/CF. Artikkelen har gjennomgått review og vert no revidert for ny innsending. Artikkelen er planlagt publisert i fyrste del av 2017. - Starta arbeidet med å etablere forskningspoliklinikk i Helse Førde, med videolab og behandlarar som forpliktar seg til å delta i forskingsarbeid. Dette vil fremje og forenkle vidare forskingsarbeid. - Vore gjest i NRK Sogn og Fjordane og presentert doktorgradsprosjektet for allmenta - Vore medforfattar på ein artikkel om utvikling av kliniske tilbakemeldingssystem, planlagt publisering i 2017 Dersom alt går etter planen vil Solstad i 2017 ha vore delaktig i minst to publiserte artiklar, presentert sin fyrste artikkel på ein internasjonal forskingskonferanse, tatt ytterlegare studiepoeng, og vere godt i gang med datainnsamling til dei empiriske artiklane i doktorgraden.
Vitenskapelige artikler
Solstad SM, Kleiven GS, Moltu C

Complexity and potentials of clinical feedback in mental health: an in-depth study of patient processes.

Qual Life Res 2021 Nov;30(11):3117-3125. Epub 2020 jun 15

PMID: 32556824 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Solstad SM, Kleiven GS, Castonguay LG, Moltu C

Clinical dilemmas of routine outcome monitoring and clinical feedback: A qualitative study of patient experiences.

Psychother Res 2021 02;31(2):200-210. Epub 2020 jul 8

PMID: 32635834 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Solstad SM, Castonguay LG, Moltu C

Patients' experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems: A systematic review and synthesis of qualitative empirical literature.

Psychother Res 2017 May 19. Epub 2017 mai 19

PMID: 28523962 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Doktorgrader
Stig Magne Solstad

Patients’ experiences with routine outcome monitoring and clinical feedback systems in psychotherapy

Disputert:
september 2021
Hovedveileder:
Christian Moltu
Deltagere
  • Gøril Solberg Kleiven Prosjektdeltaker
  • Per Einar Binder Medveileder
  • Louis Castonguay Medveileder
  • Christian Moltu Hovedveileder
  • Stig Magne Solstad Ph.d.-kandidat

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest

Personvern  -  Informasjonskapsler