eRapport

The first five sessions of psychotherapy: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists

Prosjekt
Prosjektnummer
912288
Ansvarlig person
Kristina Osland Lavik
Institusjon
Helse Førde HF
Prosjektkategori
Doktorgradsstipend
Helsekategori
Mental Health
Forskningsaktivitet
8. Health Services
Rapporter
2024 - sluttrapport
Denne doktorgradsstudien har undersøkt mikroprosessar involvert i utviklinga av terapirelasjonar tidleg i psykoterapi. Prosjektet inkluderer ein meta-analyse av kvalitativ forsking på tidleg relasjonsdanning og ein behandlingsstudie der vi har videofilma time 3 og 5 av eit ordinært poliklinisk behandlingsløp. Filmane nyttast som utgangspunkt for eit semistrukturert intervju, der pasientar og behandlarar kvar for seg ser filmen og blir intervjua om kva som skjer gjennom timen. Filmen bidreg til å stimulere og styrke gjenkallinga av kva som skjedde under timen, og mogleggjer ei detaljert utforsking av levd erfaring. Doktorgraden har resultert i tre publiserte vitskaplege studiar, der dei to siste er publisert innanfor Helse Vest si finansieringsperiode. Kvar for seg bidreg artiklane med ulike perspektiv og detaljar knytt til kva terapeutar kan gjere for å fremje ei god relasjonsutvikling. Sentrale funn er viktigheita av å balansere profesjonalitet og menneskelegheit som terapeut, involvere pasienten aktivt i timen, og at pasientane kjenner seg trygge, velkomne, sett og forstått. Pasientar som kjenner seg skamfulle eller engstelege ilag med terapeuten, opplever ein større avstand i relasjonen. Det er også viktig at terapeuten tek utgangspunkt i pasienten sine ynskjer og behov, og unngår å presse på intervensjonar eller forklaringsmodellar som pasienten ikkje er klar for eller opplever som meiningsfullt. Nokre pasientar treng også tid for å klare å etablere ein trygg relasjon, før ein går i gang med aktiv behandling. Artikkel 1: https://doi.org/10.1037/int0000101 Artikkel 2: https://doi.org/10.3389/fpsyg.2022.915932 Artikkel 3: https://doi.org/10.1007/s10879-024-09655-5 Det planleggast ytterligare to artiklar basert på våre erfaringar med metoden og basert på sjølve datamaterialet, som finansierast av restmidlar frå prosjektet. Denne forskinga bidreg til å skape meir konkret og praksisnær kunnskap om kva terapeutar og pasientar treng for å få til eit godt samarbeid. Studiane belyser sentrale barrierer for god kontakt, samt kva som styrkar ein god relasjon mellom behandlar og pasient. Artiklane framhever viktigheita av å jobbe målretta med relasjon tidleg i eit behandlingsløp for å fremje betring, tillit og aktiv invovlering frå pasienten si side. Dette er spesielt viktig for å unngå at pasienten blir passiv, uengasjert eller vurderer å avbryte behandlinga. Dei siste åra har behandlingstenestene blitt meir standardiserte, blant anna gjennom pakkeforløp som konkretiserer korleis diagnostisk utgreiing skal gjennomførast i dei første timane. Dette kan sikre betre behandling for mange pasientgrupper. Samstundes viser denne doktorgradsstudien viktigheita av fleksibilitet i dei tidlege timane, kor pasienten har eit tydeleg behov for å bli møtt med openheit, nysgjerrigheit og tid til å bli kjent som menneske. Dei første timane er ofte sårbare og augeblikk kor pasienten føler seg mindreverdig, oversett eller overvelda ser ut til å hemme vidare relasjonsdanning. Det ser også ut til at terapeutar som jobbar aktivt med å reparare relasjonsbrot, får til betre samarbeid. På den andre sida, viser studiane at når terapeutar blir overdrivent opptatt av sin eigen agenda, så skapast det ein avstand i den terapeutiske relasjonen. Det er viktig å unngå at formelle krav i dei første timane går på bekostning av relasjonsarbeid, gjennom å gje meir merksemd og prioritet til slike prosessar i starten av eit pasientforløp. Sjølv om terapirelasjonen i mange tiår har vore anerkjent som ein sentral terapeutisk faktor, både i behandlingsprotokollar, nasjonale og internasjonale retningslinjer, så finn ein lite konkrete tilrådingar om korleis ein kan aktivt fremje gode relasjonar tidleg i terapi. Dette er noko denne forskinga kan bidra til i tida framover. Denne typen kunnskap kan bidra til betre helsetenester som er meir tilpassa den einskilde pasient sine behov, mindre fråfall og høgare pasienttilfredsleik.
2023
I gang med siste fase av doktorgraden. Tredje artikkel er innsendt til tidsskriftet "Journal of Psychotherapy Integration", og eg ventar på review på denne. Arbeidet med kappa har starta.Eg var i svangerskapspermisjon halve året 2023 og starta på jobb igjen i midten av juli. Desse månadane har eg kombinert forsking med poliklinisk arbeid. Eg fekk ferdigstilt og sendt inn tredje og siste artikkel i prosjektet i november, men ved utgangen av året venta eg endå på tilbakemeldingar frå review. Det har også blitt jobba med å ferdigstille eit utkast til kappa. Eg har delteke på digitale kurs og fått godkjent opplæringsdelen. Det gjenstår endå nokre restmidlar som vil bli brukt til å ferdigstille kappe, arbeide med review og til disputas. Parallelt med dette jobbar eg også med å utvikle idear til postdoc-prosjekt.
2022
I 2022 blei artikkel to i doktorgraden publisert, og arbeidet med tredje artikkel og kappa er starta. Året elles bar preg av at underteikna gjekk ut i svangerskapspermisjon i oktober 2022.Første halvdel av 2022 blei brukt til ferdigstilling, review og publisering av doktorgradens andre artikkel. Artikkelen fekk tittelen "Relationship and Alliance Formation Processes in Psychotherapy: A Dual-Perspective Qualitative Study", og blei publisert i tidsskriftet Frontiers of Psychology i juli 2022. Eg var påmeldt doktorgradskurs som utgjekk grunna omgjering frå digitalt til fysisk oppmøte, og kom dermed ikkje i mål med å oppnå fleire studiepoeng. Nytt svangerskap og fråvær i samband med dette prega siste halvdel av 2022. Vi fekk likevel gjennomført analyseseminar og starta skrivearbeidet på den tredje og siste artikkelen i doktorgraden. Underteikna fekk også arbeidd med skriving av kappe. Deretter gjekk eg ut i ny svangerskapspermisjon i oktober 2022.
2021
I 2021 har underteikna vore i fødselspermisjon, og starta opp igjen i 100% arbeid frå midten av oktober. Det har sidan oktober blitt jobba med ferdigstilling av artikkel 2 i doktorgraden.Som nemnt, har størsteparten av 2021 gått til å vere i foreldrepermisjon. Sidan oppstart i oktober har tida gått til å skrive ferdig artikkel 2, innkjøp av relevant litteratur og arbeid med å oppdatere seg på nye publikasjonar. Av positive oppdagelsar, vart førsteartikkelen i dette prosjektet sitert i 2021-utgåva av "Bergin and Garfields Handbook of Psychotherapy and Behavior Change", som er ei sentral faglitteraturbok i psykoterapifeltet. Dette indikerer at det er internasjonal interesse for denne tematikken, og bidreg positivt til synleggjering av artikkelen.
2020
Datasamlinga til prosjektet blei gjennomført i 2020. Ein har også starta arbeidet med artikkel 2, som forventast å ferdigstillast i løpet av neste år.I 2020 har ein ferdigstilt datainnsamling, og totalt består datamterialet no av 47 kvalitative videostøtta djupneintervju av naturalistiske psykoterapitimar. Totalt deltok 12 pasient-terapeut dyadar i prosjektet, éin pasient deltok berre i eitt intervju, resterande deltakarar møtte til to videostøtta intervju kvar. Ein har også gjennomført analyseseminar for artikkel 2, og er i gang med skriveprosessen. Ein forventar å ferdigstille artikkel 2 og starte arbeidet med artikkel 3 i løpet av 2021. Prosjektet blir satt på vent første halvdel av 2021 grunna svangerskapspermisjon.
2019
Doktorgradsprosjektet har hatt jamn progresjon i 2019. Ein har gjennomført fleire djupneintervju og er snart i mål med datainnsamlinga. Vidare har stipendiaten delteke på kurs i kvalitativ metode.I 2019 har stipendiaten gjennomført kursrekkja CDP925A Kvalitativ forsking A - teori, presentasjon og refleksjon, ved Universitetet i Bergen. Våren 2019 blei hovudsakleg brukt til datainnsamling, og ein har per no gjennomført 20 av 30 videostøtta djupneintervju med pasientar og 20 av 30 videostøtta djupneintervju med behandlarar. Ein forventar å ferdigstille datainnsamlinga i 2020, samt starte skriving og innsending av andre artikkel i prosjektet.
Vitenskapelige artikler
Lavik KO, McAleavey AA, Kvendseth EK, Moltu C

Relationship and Alliance Formation Processes in Psychotherapy: A Dual-Perspective Qualitative Study.

Front Psychol 2022;13():915932. Epub 2022 jul 7

PMID: 35874376 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Lavik, K. O., Råbu, M. & Moltu, C.

Searching for Solidness: a Dyadic Micro-Process Study of Early Relationship Formation

Journal of Contemporary Psychotherapy, 2024

Doktorgrader
Kristina Osland Lavik

The first five sessions study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists

Disputert:
oktober 2024
Hovedveileder:
Christian Moltu
Deltagere
  • Marius Veseth Medveileder
  • Christian Moltu Hovedveileder
  • Kristina Osland Lavik Ph.d.-kandidat

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til Faglig rapportering, Helse Vest

Personvern  -  Informasjonskapsler