eRapport

Førstefase traumebehandling - stabiliseringsgruppe for kvinner utsett for menneskepåførte traumer

Prosjekt
Prosjektnummer
PFP976-10
Ansvarlig person
Signe Hjelen Stige
Institusjon
Finnmarkssykehuset HF
Prosjektkategori
Ph.d.-stipend
Helsekategori
Mental health
Forskningsaktivitet
6. Treatment Evaluation
Rapporter
2016 - sluttrapport
Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. Prosjektet har resultert i 8 vitenskaplige artiklar, eit fagessay, samt presentasjon på ein internasjonal konferanse. I det aktuelle prosjektet har ein nytta kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2013 leverte Signe H. Stige inn doktorgradsavhandlinga si, og disputerte for PhD-grada i Alta 04.11.13 på prosjektet, som fokuserte på korleis kvinner med traumerelaterte plager hadde opplevd behandlingstilbodet, samt korleis kvinnene hadde opplevd og konseptualiserte sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess. I tillegg har ein intervjua dei same deltakarane 1 år etter dei avslutta stabiliseringsgruppa, med fokus på endringsprosessar over tid og korleis klientane har brukt og forholdt seg til nye ferdigheter tileigna i behandling. Ein har også brukt fokusgruppeintervju med individualbehandlarar for å belyse korleis behandlarar opplever introduksjonen av nye behandlingstilbod. Funna frå prosjektet viser at det frå klientane sitt persepktiv er meinigsfullt og hjelpsomt, men også krevjande, å få behandling for traumerelaterte plager i gruppe. Dette betyr at stabiliseringsgrupper kan vere eit viktig supplement til individuell behandling av traumerelaterte plager. Vidare forsking må til for å seie noko om effektiviteten til behandlinga. Intervjua med behandlarane peikar på betydninga av tett samarbeid og mykje fokus på informasjon og opplæring av alle behandlarar når ein implementerer eit stabiliseringsgruppetilbod. Funna knytt til hjelpsøkeprosessen etter barndomstraumer peikar på betydninga av at behandlarar utforskar prosessen som har leia til kontakt med hjelpeapparatet, og at ein tilstrebar ein match mellom den individuelle prosessen til klienten og behandlingstilbodet ein gir.
2015
Nyare forsking har belyst korleis klientar opplever behandlinga dei får i psykisk helsevern, og korleis dei konseptualiserer og opplever tilfriskingsprosessar. Ein veit imidlertid mindre om korleis klientar fortset å jobbe med hjelpsomme prosessar frå terapi etter behandling, og korleis behandlarane opplever introduksjonen av nye behandlingtilbod.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2013 leverte Signe H. Stige inn doktorgradsavhandlinga si, og disputerte for PhD-grada i Alta 04.11.13 på prosjektet, som fokuserte på korleis kvinner med traumerelaterte plager hadde opplevd behandlingstilbodet, samt korleis kvinnene hadde opplevd og konseptualiserte sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess. Det aktuelle forskingsprosjektet er ei fortsetting av doktorgradsprosjektet. I dette prosjektet har ein intervjua dei same deltakarane 1 år etter dei avslutta stabiliseringsgruppa, og ein har brukt fokusgruppeintervju med individualbehandlarar for å belyse korleis behandlarar opplever introduksjonen av nye behandlingstilbod. Prosjektet blir avslutta 31.12.15, men det er også forventa publiksjonar frå prosjektet neste år, då fleire artiklar er under utarbeiding. Det har vore to publikasjonar på prosjektet i år. Ein vitskapleg artikkel i "Tidsskrift for psykisk helsearbeid" tok for seg individualbehandlarane sitt perspektiv på introduksjonen av stabiliseringsgruppa. Artikkelen vart skriven saman med Vibeke Mathisen Grøtte, og Kjersti Utstøl, begge tilsette ved DPS Vest-Finnmark. I tillegg har dei same medforfattarane vore med på å publisere eit fagessay i "Tidsskrift for Norsk Psykologforening", der vi tok for oss gruppebehandlarane sine erfaringar med å drive samansette stabiliseringsgrupper. Ein har i tillegg samarbeidd med Per-Einar Binder ved UiB om ein artikkel der ein har tatt for seg deltakarane sitt perspektiv på inklusjonen av ferdighetstrening i stabiliseringsgruppa, og korleis dei har brukt og forholdt seg til desse nye ferdighetene over tid. Artikkelen er antatt i "Psychotherapy Research" og vil komme på trykk i 2016. I tillegg har ein samabeidd med Margrethe Seeger Halvorsen ved UiO om ein case artikkel som er til vurdering i "Qualitative Health Research". Ytterligare to artiklar er under utarbeiding, og vil bli ferdigstilte i 2016.
2014
Forskingsprosjektet fokuserer på korleis kvinner med traumerelaterte plager har opplevd eit traumespesifikt behandlingstilbod som vart starta januar 2008. I tillegg utforskar ein korleis kvinnene har opplevd og konseptualiserer sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess over tid.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2013 leverte Signe H. Stige inn doktorgradsavhandlinga si, og disputerte for PhD-grada i Alta 04.11.13. Materialet ein brukte i doktorgrada var basert på intervju med klientar rett etter avslutta gruppebehandling. På grunn av klinisk spesialisering har det vore eit opphold i aktiviteten på prosjektet. Det har difor ikkje vore nokon aktivitet på prosjektet i 2014. Frå Januar 2015 er det igjen aktivitet på prosjektet, der ein vil analysere intervjudata innsamla eit år etter avslutta behandling. Planen er å skrive to internasjonale artiklar på dette materialet.
2013
Doktorgradsprosjektet fokuserer på korleis kvinner med traumerelaterte plager har opplevd eit traumespesifikt behandlingstilbod som vart starta januar 2008. I tillegg utforskar ein korleis kvinnene har opplevd og konseptualiserer sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess over tid.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2013 leverte Signe H. Stige inn doktorgradsavhandlinga si, og disputerte for PhD-grada i Alta 04.11.13. Doktorgradsprosjektet er dermed fullført. Det er publisert fire artiklar frå prosjektet totalt sett. I 2011 vart ein artikkel som skildrar behandlingstilbodet (stabiliseringsgruppa) som Stige har utvikla publisert i tidsskriftet "Journal of Aggression, Maltreatment, & Trauma". I 2013 vart dei tre empiriske artiklane frå prosjektet publisert. Ein artikkel som tek for seg prosessen som leda fram til at desse kvinnene søkte hjelp vart publisert i tidsskriftet "Qualitative Health Research". Ein artikkel som skildrar klientane sine opplevingar med å delta i stabiliseringsgruppa vart publisert i tidsskriftet "Psychotherapy Research", og ein artikkel som tek for seg kvinnene sin opplevde tilfriskingsprosess vart publisert i tidsskriftet "Nordic Psychology".
2012
Doktorgradsprosjektet fokuserer på korleis kvinner med traumerelaterte plager har opplevd eit traumespesifikt behandlingstilbod som vart starta januar 2008. I tillegg utforskar ein korleis kvinnene har opplevd og konseptualiserer sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess over tid.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2012 har prosjektet hatt finansiering av 50% stipendiatstilling til Signe H. Stige frå januar-april. Etter dette har Stige vore i foreldrepermisjon. Alle intervju er no gjennomført, og arbeidet med å bearbeide data – både gjennom transkripsjon og analysar – er fullført. I løpet av året har alle dei tre artiklane som baserer seg på intervjumaterialet vore til vurdering i internasjonale tidsskrift. Artikkelen som skildrar kvinnene sine opplevingar med positiv endring er no akseptert i Nordic Psychology, medan artikkelen som skildrar hjelpsøkeprosessen til kvinnene er til fjerdegongsvurdering i Qualitative Health Research, og vil truleg bli akseptert innan kort tid. I tillegg er artikkelen som skildrar kvinnene sine erfaringar med å delta i ei stabiliseringsgruppe til andregongsvurdering i Psychotherapy Research.
2011
Doktorgradsprosjektet fokuserer på korleis kvinner med traumerelaterte plager har opplevd eit traumespesifikt behandlingstilbod som vart starta januar 2008. I tillegg utforskar ein korleis kvinnene har opplevd og konseptualiserer sin eigen hjelpsøkeprosess og endringsprosess over tid.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju for å løfte fram klientane si oppleving av dette tilbodet. I 2011 har prosjektet hatt finansiering av 50% stipendiatstilling til Signe H. Stige. Dei fleste intervjua er no gjennomført, og dei siste intervjua vil bli fullført i februar 2012. Arbeidet med å bearbeide data – både gjennom transkripsjon og analysar – er godt i gang. I løpet av året har den første artikkelen frå prosjektet kome på trykk. Artikkelen "A Stabilization Group Approach for Heterogeneous Populations of Trauma Clients" skildrar behandlingsopplegget kvinnene har delteke i, og vart publisert i Journal of Aggression, Maltreatment & Trauma. I tillegg er to artiklar basert på intervjumaterialet sendt inn. Artikkelen "How female survivors of childhood trauma conceive their help-seeking process: A qualitative interview study", som skildrar deltakarane si oppleving av hjelpsøkeprosessen, har blitt sendt inn til vurdering i tidsskriftet Qualitative Research in Psychology. Artikkelen "The process of recovery from the perspective of adult, female survivors of childhood trauma currently in treatment", som skildrar deltakarane sine opplevingar av tilfriskning (endring), har blitt sendt inn til vurdering i tidsskriftet Psychotherapy Research. I tillegg har Stige hatt Poster presentasjon på den 12. europeiske psykologikongressen i Istanbul i juli, med posteren "The help-seeking process among women with trauma-related symptoms. Preliminary results from a qualitative research project." I løpet av 2011 har Stige også fullført alle nødvendige doktorgradskurs, og opplæringsdelen er no godkjend.
2010
Doktorgradsprosjektet fokuserer på korleis kvinner med traumerelaterte plager har opplevd eit traumespesifikt behandlingstilbod som vart starta januar 2008. I tillegg utforskar ein korleis kvinnene konseptualiserer sin eigen endringsprosess over tid. Prosjektet er i startfasen, med oppstart av doktorgradsløp frå 01.08.2010. I løpet av 2010 har ein halde fram med å intervjue kvinner som ynskjer å vere med i prosjektet, og byrja med foreløbige analysar av intervjumaterialet.Dei siste åra har ein sett rapportar der så mange som kvar fjerde kvinne og kvar åttande mann har opplevd menneskepåførte traume i løpet av livet. Mange av desse slit med traumerelaterte plager i mange år etter hendinga. Ein har også fått ei utvikling der dei distriktspsykitatriske sentra (DPS) har overteke ansvar behandlinga for alle typar psykiske lidingar, og der tidlegare spesialiserte kliniske fagmiljø har blitt nedbygd. Ein treng difor gode behandlingstilbod for traumeklientar i DPS-a. Det aktuelle prosjektet systematiserer kunnskap knytt til eit behandlingstilbod for personar med traumerelaterte lidingar, som vart starta opp ved DPS Vest-Finnmark i januar 2008. Behandlingstilbodet er tilpassa eit bredt spekter diagnosar og traumeerfaringar, og representerer eit av få slike tilbod i Noreg på noverande tidspunkt. Det er difor viktig å systematisere kunnskap knytt til dette tilbodet. I det aktuelle prosjektet nyttar ein kvalitative intervju løfte fram klientane og behandlarane si oppleving av dette tilbodet. I 2010 har prosjektet hatt finansiering av 50% stipendiatstilling til Signe H. Stige frå 01.08.10-31.12.10. I denne tida har ein holdt fram med å samle inn intervjudata, og ein har begynt arbeidet med å bearbeide data – både gjennom transkripsjon og foreløbige analysar. Datainnsamlinga er no godt i gang, og ein vil i løpet av våren 2011 byrje innsamlinga av data frå den siste behandlingsgruppa som blir inkludert i prosjektet. I løpet av hausten 2010 har Stige delteke på doktorgradskurs i Tromsø. Ein har også sendt inn eit abstract til den europeiske psykologikongressen (ECP) som blir holdt i Istanbul juli 2011. Ein håpar å få ha ein plakatpresentasjon med foreløbige funn knytt til hjelpsøkeprosessen kvinnene skildrar i intervjumaterialet. I løpet av hausten 2010 har også Stige sendt inn ein artikkel som skildrar teoretisk og empirisk grunnlag for, og innhold i behandlingstilbodet desse kvinnene har motteke. Artikkelen vart sendt til Journal of Aggression, Maltreatment, and Trauma. Ein har sendt inn endringar etter reviewerane og redaktør sine ynskjer, og ventar no på endelig avgjersle ifht eventuell publisering.
Vitenskapelige artikler
Stige SH, Binder PE

From painstaking work to a new way of meeting the world-Trauma clients' experiences with skill training in a stabilization group approach.

Psychother Res 2016 Feb 03. Epub 2016 feb 3

PMID: 26838559

Stige Signe Hjelen, Træen Bente, Rosenvinge Jan H

The process leading to help seeking following childhood trauma.

Qual Health Res 2013 Oct;23(10):1295-306. Epub 2013 aug 29

PMID: 23990251 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Stige Signe Hjelen, Rosenvinge Jan H, Træen Bente

A meaningful struggle: trauma clients' experiences with an inclusive stabilization group approach.

Psychother Res 2013;23(4):419-29. Epub 2013 mar 6

PMID: 23464797 - Inngår i doktorgradsavhandlingen

Stige S H, Halvorsen M S

From cumulative strain to available resources

Illness, Crisis & Loss 2016

Stige, Signe Hjelen; Grøtte, Vibeke Mathisen; Utstøl, Kjersti

Individualbehandleres erfaringer med traumespesifikk gruppebehandling på et mindre DPS

Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 2015

Stige, Signe Hjelen; Grøtte, Vibeke Mathisen; Utstøl, Kjersti

Fleksible teraputar i faste strukturar

Tidsskrift for norsk psykologforening, 2015

Signe H. Stige, Per-Einar Binder, Jan H. Rosenvinge, & Bente Træen

Stories from the road of recovery - How adult, female survivors of childhood trauma experience ways to positive change.

Nordic Psychology, 2013

Stige, S. H.

A Stabilization Group Approach for Heterogeneous Populations of Trauma Clients

Journal of Aggression, Maltreatment & Trauma

Stige, S. H.

The help-seeking process among women with trauma-related symptoms. Preliminary results from a qualitative research project.

The 12th European Congress of Psychology

Doktorgrader
Signe Hjelen Stige

Stabilization groups for heterogeneous samples of trauma clients.

Disputert:
november 2013
Hovedveileder:
Jan H Rosenvinge
Deltagere
  • Signe Hjelen Stige Prosjektleder
  • Jan H Rosenvinge Prosjektleder

eRapport er utarbeidet av Sølvi Lerfald og Reidar Thorstensen, Regionalt kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest RHF, og videreutvikles av de fire RHF-ene i fellesskap, med støtte fra Helse Vest IKT

Alle henvendelser rettes til eRapport, Helse Nord

Personvern  -  Informasjonskapsler